Dag-Johan Skarbø- Per Vidar Kjølmoen - kongsberg maritime foto Marius Rosbach
ULSTEINVIK: Plassjef Dag-Johan Skarbø (t.v.) ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik med mellom anna Mette Nord, Per Vidar Kjølmoen og Jørn Eggum på omvising ved bedrifta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil ha forsvarsløft for maritim industri

Landets mektigaste fagforeiningsleiarar støttar satsing på militære fartøy. Behovet er på titals milliardar årleg.

Marius Rosbach
08.09.2023

Fredag var leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet og Mette Nord i Fagforbundet i Ulsteinvik for å varsle at dei støttar planane til Forsvarskommisjonen om ei storstilt satsing på militære fartøy.

Kommisjonen anslo tidlegare i år at det er behov for 300-350 milliardar kroner over ti år.

Med andre ord er det snakk om ein årleg kostnad på minst 30 milliardar kroner, stadfestar Eggum til NETT NO.

– Om Forsvaret skal få gjennomslag for det som er den store utfordringa og etterslepet på maritime fartøy, så har dei stipulert at det er behovet, seier han.

Vil ha pengar allereie på neste års statsbudsjett
Ønsket frå dei to forbundsleiarane i LO er naturleg nok at mest mogleg av jobben blir gjort i Norge.

– Det er ein del av dei største fartøya – som fregattar og ubåtar – som det ikkje er realistisk å bygge i Norge, men alt det andre, er det fullt mogleg å bygge i Norge med den kompetanse og kapasiteten vi har her, legg Eggum til.

Kravet frå dei to LO-forbunda er at jobben må starte allereie på neste års statsbudsjett.

Fekk presentert Kongsberg-prosjekt
At Jørn Eggum og Mette Nord la turen til Kongsberg Maritime var naturleg nok ikkje tilfeldig.

Den maritime utstyrsleverandøren teiknar også skip, og har dei siste åra jobba mykje med å vidareutvikle Vanguard-prosjektet. Fredag fekk LO-delegasjonen presentert kor langt dei var komne i arbeidet.

– Dette er skip som ligg langt framom skip som andre nasjonar bygger, og mellom dei mest teknologisk avanserte som finst innafor dette segmentet, seier Eggum.

Fellesforbundet-leiaren likte det han fekk høyre, og meinte det måtte bli sørga for å bruke norsk kompetanse og teknologi i størst mogleg grad.

– Også kan dokke ta det ut i verda og selje det, la han til.

Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen frå Arbeiderpartiet var mellom dei som tok i mot bodskapen frå LO-forbunda – saman med ein rekke lokalpolitikarar.

– Eit slik signal er utruleg viktig for å sørge for at vi får verdiskapinga og investeringane her på Nordvestlandet, seier Kjølmoen til NETT NO.

Han påpeiker at saman representerer dei to fagforeiningsleiarane kring ein halv million arbeidstakarar og har mellom anna fleirtal på LO-kongressen.

Ordførarkandidat Hanne Notøy for Arbeiderpartiet i Ulstein jobbar sjølv i den maritime industrien. Ho påpeika at kommunen er mellom dei mest sårbare i fylket med eit arbeidsliv som er svært maritimt retta.

– Difor er dette ekstremt viktig for oss, men også for heile norskekysten, sa Notøy.

Ho minna om at det trengst å bli utdanna fleire fagarbeidarar til industrien.

– Vi treng også å utdanne dine folk, Mette, sa ho vend til Fagbundet-leiaren som representerer mange i offentleg sektor: – Men vi treng ikkje dei viss må slå av lyset i kommunane langs kysten, la ho til.

Publisert: 08.09.2023 14:55

Sist oppdatert: 08.09.2023 19:19

Mer om