Meiner naeringslivet maa faa mindre innverknad paa krisehjelpa
KORONARAMMA: Bygg- og anlegg, servering og varehandel er mellom bransjane som er kraftig påverka av koronapandemien og smitteverntiltak.
Nytt

Meiner næringslivet må få mindre innverknad på krisehjelpa

Økonomiekspertar vil stramme inn og endre støtteordningane. 

28.01.2021
(NPK-NTB-Birgitte Iversen): Det er ikkje lenger ein god idé å høyre på «dei som kjenner kor skoen trykkjer» for å få Noreg ut av krisa, meiner økonomiprofessor Ragnar Torvik.
Fredag legg regjeringa fram ein ny krisepakke etter den siste nedstenginga etter jul.
Pakken er den siste i ei lang rekkje av krisepakkar og støttetiltak under den snart eitt år lange pandemien.
No meiner fleire økonomiske ekspertar at det er på tide å både stramme inn og endre innretninga på den statlege støtta.
Ragnar Torvik, professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, seier det er på høg tid at dei bedriftene og næringane som er ramma, får mindre å seie enn i dag når politikarane framover skal innrette tiltaka.

Skeivskap mot det eksisterande

– Det har vorte argumentert med at dei som kjenner kvar skoen klemmer, bør ha stor innverknad på politikken. Det kan vere riktig i starten av krisa, men det er ein openberr fare ved det, uttalte Torvik under eit innspelsmøte i regi av Finansdepartementet tysdag.
Torvik var saman med seks andre økonomiske ekspertar inviterte til å gi råd til finansminister Jan Tore Sanner (H) om vidare krisetiltak.
Han seier det alltid vil vere ein skeivskap mot å verne det eksisterande dersom lobbyinteresser får ein for sterk innverknad på politikken.
– Dersom det er sånn at etterspurnaden etter hotellrom går ned fordi vi har komme på nye teknologiske løysingar, så er det jo bra. Vi skal ikkje subsidiere hotellrom viss det ikkje lenger er bruk for dei.

– Kapitalistisk planøkonomi

Torvik seier det òg er forskjell på kva som er bedriftsøkonomisk lønnsamt og kva som er samfunnsøkonomisk lønnsamt, og peikar på i for å få lempa på reglane for arbeidsinnvandring.
– Det fekk ein gjennomslag for. Fjorten dagar seinare auka smitten, og då lobbar det same næringslivet for at vi no måtte bruke meir pengar og ha meir sjenerøs og meir langvarige tiltak, fordi smitten no hadde vorte så høg.
Torvik meiner vi endar opp med det han kallar ein «kapitalistisk planøkonomi» viss ikkje politikarane lausriv seg meir frå interessene til næringslivet.
– Det inneber at staten støttar eksisterande næringsliv, og næringslivet bestemmer sjølv korleis. Då er vi inne på ein veldig farleg veg viss vi lèt det gå for langt, seier han.

Trur ikkje etterspurnaden er lik

Annette Alstadsæter, professor i skatteøkonomi ved Handelshøyskolen, NMBU, meiner vi treng andre tiltak no enn i starten, då ein laga enkle, universelle ordningar for å få pengane raskt ut til bedriftene og hushalda.
Alstadsæter er skeptisk til det ho kallar den underliggjande meining bak forlengingane av støttepakka – at etterspurnaden vil vere lik ved utgangen av krisa som den var ved inngangen.
– Det hadde kanskje vore riktig om krisa hadde vore nokre få månader, men no har det gått snart eit år og vi har tilpassa oss alle saman, sa Alstadsæter og peika på auka bruk av heimekontor, netthandel og digitale møte.
– Vi må ta omsyn til varig endring av etterspurnadsmønsteret og leggje til rette for omstilling, seier ho.
Ho meiner omfanget av dei universelle pakkane no må reduserast og at dei offentlege utbetalingane må kuttast.
BI-professor Espen R. Moen åtvara om at kontantstøtteordninga gjer det motsette av å stimulere til auka aktivitet, og meiner ordninga held ein del bedrifter som burde gå konkurs, kunstig i live.
Han meiner kontantstøtteordninga bør erstattast med ein type hybridsystem der det blir gitt støtte opp til eit visst nivå og deretter lån.
(©NPK)

Publisert: 28.01.2021 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13