Oppdrett hofseth storfjorden 11
MISNØGDE: Både fiskarar og havbruksnæring meiner norsk oppdrett må få nytt reguleringssystem. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner oppdrett må få ny regulering

Sjømat Norge og Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner dagens trafikklyssystem er for dårleg.

NPK
08.06.2022

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): To av 13 område for lakse- og aureoppdrett må redusere produksjonen sin framover. Det blei klart etter at fiskeriministeren tysdag gjorde justeringar i det såkalla trafikklyssystemet. Både Sjømat Norge og Norges Jeger- og Fiskerforbund meiner systemet er for dårleg.

I justeringane frå ministeren og regjeringa kom det fram at områda som no blir merka raude, er produksjonsområde 3 Karmøy til Sotra, og produksjonsområde 4 Nordhordland til Stad. Raudmerkinga medfører at oppdrettarane i områda må redusere produksjonskapasiteten sin med seks prosent.

– Lusepåverknaden er framleis størst på Vestlandet, og her må næringa ta grep for å sørgje for at påverknaden ikkje berre blir redusert som følgje av nedtrekk, men også gjennom driftsforbetringar, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) til NTB.

Kart montasje oppdrett sør norge illustrasjon foto næringsdepartementet marius 11
FRÅ RAUDT TIL GULT: Området frå Stad nord til Hustadvika går frå raudt til gylt lys i klassifiseringa til styresmaktene etter betring i lusesituasjonen for oppdrettsanlegga i regionen. Foto/kart: Marius Rosbach/Næringsdepartementet

Sjømat Norge, som representerer over 800 bedrifter innan fiskeri- og oppdrettsnæring er ikkje overraska over justeringane som kom no.

– Justeringane er basert på vurderingar som den faglege komiteen har gjort over to år og dei rapportane har vore offentlege. Vi visste ikkje kva som kom, men det var ingen store overraskingar, seier direktør for havbruk Jon Arne Grøttum til Nynorsk pressekontor.

Vil ha betre presisjon
Grøttum fortel at Sjømat Norge vil ha betydelege forbetringar i det trafikklyssystemet som blir brukt til å regulere oppdrettsløyve i dag.

– Ein internasjonal evalueringskomite har sett på trafikklyssystemet og dei har sagt at det er behov for betydelege forbetringar. Vi meiner at det er viktig at ein gjer dei forbetringane slik at ein kan vidareutvikle systemet. Det er heilt klart at systemet vi har i dag må bli betydeleg betre, seier Grøttum.

– På kva måte kan systemet forbetrast?

– Evalueringskomiteen seier at det er stor usikkerheit i dei faglege vurderingane som blir lagt til grunn når ein set trafikklyset. Vi tenker at både ut frå næringa sine behov, men òg av omsyn til villaksen så er det viktig at systemet vi har blir meir presist.

Desse områda har fått grøn, gult og raudt lys

Nærings- og fiskeridepartementet har vurdert produksjonsområda for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Områda blir gitt fargane raudt, grønt og gult basert på påverknaden av lakselus.

  • Åtte produksjonsområde (PO) får grønt lys og kan auke produksjonskapasiteten med inntil 6 prosent: Svenskegrensa til Jæren (PO1), Nordmøre og Sør-Trøndelag (PO6), Helgeland til Bodø (PO8), Vestfjorden og Vesterålen (PO9), Andøya til Senja (PO10), Kvaløya til Loppa (PO11), Vest-Finnmark (PO12), Aust-Finnmark (PO13).
  • Tre produksjonsområde får gult lys: Ryfylke (PO2), Stad til Hustadvika (PO5), og Nord-Trøndelag med Bindal (PO7). I desse områda skjer det ingen endringar i produksjonskapasiteten.
  • To produksjonsområde får raudt lys og må redusere produksjonskapasiteten med 6 prosent: Karmøy til Sotra (PO3) og Nordhordland til Stad (PO4). Dette er andre gong PO4 får sett ned produksjonskapasiteten sin.

Systemet er feil
Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) meiner trafikklyssystemet i seg sjølv ikkje er godt nok til å ha ei miljømessig berekraftig oppdrettsverksemd i Noreg.

– Det er openbert at aksepten for dødelegheit på villaks i trafikklyssystemet må ned på nivået som kvalitetsnorma for villaks legg til grunn, seier nestleiar Bjarte Erstad i NJFF i ei pressemelding.

Kvalitetsnorma han viser til, er ein plan Miljødirektoratet har utvikla på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. I norma blir lukka oppdrettsanlegg, merking av oppdrettslaks og redusert sjølaksefiske peika på som moglege tiltak for å få opp kvaliteten på norsk villaks.

NJFF har lenge påpeikt at lukka oppdrettsanlegg er vegen å gå.

– Dette kan vere ein god anledning for oppdrettarar som no får raudt eller gult lys til å investere i lukka eller semilukka anlegg, seier Erstad.

Også Grøttum og Sjømat Norge meiner at ein må få på plass fleire lukka anlegg. Han viser til at Fiskeridepartementet i vinter hadde ute ei høyring kor dei foreslo ei ny miljøteknologiordning i havbruksnæringa kor ein ville legge til rette for utprøving av lukka anlegg.

– Vi hadde håpa at den ordninga skulle komme på plass, men så langt ser vi ingen resultat. Den ordninga ville gitt moglegheit til å teste ut konseptet med lukka anlegg, seier Grøttum.

To svakheiter
NJFF meiner det særleg er to svakheiter med trafikklyssystemet slik det er bygd opp i dag.

Den eine er at ikkje lakselus på sjøaure og sjørøye tel med.

– Dette er spesielt alvorleg på bakgrunn av tilstandsrapporten frå vitskapeleg råd for lakseforvaltning som kom tidlegare i vinter. Den konkluderte med at sjøauren slit hardt i store delar av landet, og då aller mest i dei oppdrettsintensive områda, skriv dei i pressemeldinga.

Den andre svakheita, ifølgje jeger- og fiskarorganisasjonen, er at system i realiteten aksepterer at inntil 30 prosent av villaksen døyr i området kor oppdrett går føre seg.

– Det er horribelt høgt, og langt høgare enn kva Kvalitetsnorma for villaks legg til grunn, skriv dei.

(©NPK)

Publisert: 08.06.2022 11:46

Sist oppdatert: 08.06.2022 12:04

Mer om