Kart montasje oppdrett sør norge illustrasjon foto næringsdepartementet marius 11
FRÅ RAUDT TIL GULT: Området frå Stad nord til Hustadvika går frå raudt til gylt lys i klassifiseringa til styresmaktene etter betring i lusesituasjonen for oppdrettsanlegga i regionen. Foto/kart: Marius Rosbach/Næringsdepartementet
Nytt

Frå raudt til gult lys på Nordvestlandet

Betring for tilstanden til villlaksen og mindre lakselus i regionen.

07.06.2022

(NPK-NTB): Åtte av 13 produksjonsområde i landet for lakse- og aureoppdrett får grønt lys og kan auke produksjonen.

Nordvestlandet frå Stad til Hustadvika, går frå raudt til gylt lys i den nye vurderinga. To område blir rekna som raude og må redusere oppdrettsverksemda i sine område.

– Lusepåverknaden er framleis størst på Vestlandet, og her må næringa ta grep for å sørgje for at påverknaden ikkje berre blir redusert som følgje av nedtrekk, men også gjennom driftsforbetringar, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Dei åtte grøne områda får auke produksjonen med inntil 6 prosent, medan dei to raude områda må redusere kapasiteten med 6 prosent.

Dette er trafikklysmodellen for oppdrettsnæringa

Nærings- og fiskeridepartementet har vurdert produksjonsområda for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Områda blir gitt fargane raudt, grønt og gult basert på påverknaden av lakselus.

* Åtte produksjonsområde (PO) får grønt lys og kan auke produksjonskapasiteten med inntil 6 prosent: Svenskegrensa til Jæren (PO1), Nordmøre og Sør-Trøndelag (PO6), Helgeland til Bodø (PO8), Vestfjorden og Vesterålen (PO9), Andøya til Senja (PO10), Kvaløya til Loppa (PO11), Vest-Finnmark (PO12), Aust-Finnmark (PO13).

* Tre produksjonsområde får gult lys: Ryfylke (PO2), Stad til Hustadvika (PO5), og Nord-Trøndelag med Bindal (PO7). I desse områda skjer det ingen endringar i produksjonskapasiteten.

* To produksjonsområde får raudt lys og må redusere produksjonskapasiteten med 6 prosent: Karmøy til Sotra (PO3) og Nordhordland til Stad (PO4). Dette er andre gong PO4 får sett ned produksjonskapasiteten sin.

Kjelde: Nærings- og fiskeridepartementet

Ulik vurdering

Fiskeriminister Skjæran har fastsett kva fargar dei ulike områda skal ha. Vurderingane er basert på faglege vurderingar av korleis lakselus påverka villaks for åra 2020 og 2021.

I områda der ekspertane har gitt lik påverknad begge år, følgjer utfallet av fargelegginga vurderinga til ekspertane.

For tre av områda var vurderinga til ekspertane ulik i 2020 og 2021. Dette gjeld Ryfylke (PO2), Nordhordland til Stad (PO4) og Stad til Hustadvika (PO5). Her er det gjort grundigare vurderingar av den samla tilstanden.

– I desse områda har eg lagt størst vekt på tilstanden til vill laksefisk og påverknaden av lakselus på villaksen over tid, seier Skjæran.

Raudt for andre gong
Dei raude områda er produksjonsområde 3 Karmøy til Sotra, og produksjonsområde 4 Nordhordland til Stad. Også i 2020 vart produksjonsområde 4 pålagd å minke produksjonskapasiteten.

25 oppdrettsbedrifter i dette området gjekk til søksmål mot Nærings- og fiskeridepartementet etter den førre vurderinga. Dei tapte nyleg i Sunnfjord tingrett. Oppdrettarane gjekk til sak fordi dei meinte at departementet ikkje hadde fagleg grunnlag for avgjerda si.

Dei resterande tre områda får gult lys i trafikklysmodellen for produksjonsområde for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Her skjer det ingen endringar i produksjonskapasiteten.

Publisert: 07.06.2022 09:01

Sist oppdatert: 07.06.2022 09:23

Mer om