Havard Remoy MMC First Process foto Ogne
HAR ANLEGG: Håvard Remøy i MMC First Process har vist fram selskapet si lukka løysing til tre fiskeriministrar, og etterlyser ei stimuleringsordning for å få oppdrettarane til på ta sjansen på å investere. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppdrettarane ventar med lukka anlegg

Håvard Remøy i MMC First Process har hatt lukka oppdrettsanlegg for sjø klart i fleire år. Han har og ei forklaring på at ingen oppdrettarar har kjøpt.

05.09.2024

- Vi treng incentiv, og vi treng dei no, sa Håvard Remøy i MMC First Process i sitt innlegg på Gath-konferansen torsdag.

Incentiva han snakkar om, er ordingar som gjer at oppdrettarane vel å gå over frå opne til lukka anlegg i sjøen, sjølv om lukka anlegg er mykje dyrare.

Gevinsten er å bli kvitt problem med lakselus og rømming, samt at avfall frå anlegga kan samlast på og ikkje bli sleppt fritt ut i sjøen.

Løysinga har vore klar heilt siden 2020/2021.

1,4 milliard dyrare
Eit lukka anlegg som MMC First Process har utvikla, med kapasitet til 16.000 tonn, vil koste omlag 1,5 milliardar kroner, ifølgje Remøy.

Eit tilsvarande ope anlegg kostar 80 millionar kroner.

Det er omlag 1,4 milliardar kroner meir for det lukka anlegget.

I tillegg kjem 2,5 milliardar for konsesjonen - som er lik for begge alternativa.

Ekstrakostnaden, kombinert med risikoen å satse på lukka anlegg er så stor at oppdrettane ikkje tek sjansen. Samstundes er det forventingar om at det vil kome stimuleringsordningar for å få til ein overgang få open til lukka anlegg.

Dei forventningane gjer óg at oppdrettane vel å vente og sjå, ifølgje Remøy.

Byttehandel
Remøy tok til orde for det same forslaget som også andre har kome med for å få oppdrettarane til å satse på lukka anlegg i sjø: Å bytte ein konsesjon i sjø mot ein større -for eksempel tre gangar større - konsesjon i ei lukka anlegg.

Menon-analytikar Leo Grünfeld foreslo det same i sitt innlegg på Gath-konferansen i går.

Grünfeld sa også at utstyrsindustrien til oppdrettsnæring kan doble inntekta si i løpet av ti år, dersom det er politisk vilje til å auke oppdrettsprodukjsonen, mellom anna ved å stimulere til ei omlegging frå opne til lukka anlegg.

Publisert: 05.09.2024 12:55

Sist oppdatert: 05.09.2024 13:41

Mer om