Havila Borg lagt i boeyene
MEIR JOBB: PSV-en Havila Borg er bygd i 2009 ved dåverande Havyard Tomrefjord. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Meir arbeid til Havila-skip

Melder om eitt års forlenging for to PSV-ar.

Marius Rosbach
13.03.2023

Dei to plattformforsyningsskipa til Herøy-reiarlaget Havila Shipping, Havila Borg og Havila Herøy, har fått eitt års ekstra arbeid for eit nederlandsk reiarlag, ifølgje ei børsmelding måndag.

Selskapet Peterson den Helder BV har erklært opsjonar for 12 månader for begge skipa. Oppdraga vil vare fram til april neste år.

Ned på børs
Aksje-kursen
til reiarlaget hadde allereie starta måndagen med nedgang då meldinga kom.

Ved 10.30-tida var kursen ned 5,28 prosent til 15,78 kroner. Det prisar selskapet til 380 millionar kroner. Aksjeverdien til reiarlaget har auka med nær 300 prosent siste året.

Hovudindeksen på Oslo børs peika óg nedover på føremiddagen, med eit fall på 1,70 kroner.

Dårlegare PSV-ratar enn i fjor
Ratane i offshoremarknaden har opplevd betring dei siste vekene. Seinast førre veke fekk ankterhandteringsskipet Island Valiant betalt 1,25 millionar kroner dagen for eit oppdrag for Equinor.

Ratane for PSV-ar har likevel vore lågare så langt i år, samanlikna med i fjor. Snittraten i spotmarknaden i mars for dette segmentet har vore 8796 pund om dagen, ifølgje tal frå meklarselskapet Simpson Spence Young.

Publisert: 13.03.2023 10:07

Sist oppdatert: 13.03.2023 10:33

Mer om