Island Valiant foto Island Offshore
NYE MILLIONRATER: Ankerhandteringsskipet Island Valiant er utleigd til Equinor Energy. Betalinga er den beste i spotmarknaden sidan i fjor sommar. Foto: Island Offshre
Nytt

Tener 2,5 millionar på to dagar

Island Offshore-skip med beste rate sidan i fjor sommar.

Marius Rosbach
08.03.2023

Ankerhandteringsskipet Island Valiant er leigd ut til Equinor Energy i to dagar, for 1,25 millionar kroner dagen.

Det er den høgaste raten sidan juli i 2022, opplyser skipsmeklar Madeleine Røstad i Simpsons Spence Young – tidlegare Westshore Shipbrokers - til NETT NO.

Oppdraget til Island Offshore-skipet er på minst to dagar med opsjonar på å forlenge oppdraget med ein dag om gangen i 12 dagar.

Fleire har fått over millionen
Raten er eit nytt døme på at offshoremarknaden er på veg opp. Eit anna skip frå Sunnmøre, Olympic Zeus, fekk nyleg betalt ein million kroner dagen for eit oppdrag med eit slep i Norskehavet.

Olympic-båten har no også fått eit godt betalt oppdrag med oppstart torsdag. Betalinga er 875.000 kroner dagen for arbeid med riggen DS Stavanger.

Island Valiant fekk betalt 1,2 millionar dagen den 18. juli i fjor. Få dagar før fekk Island Vanguard betalt 1,5 millioner dagen i spotmarknaden den 14. juli, ifølgje skipsmeklaren.

Færre ledige skip presser prisane
Befraktningssjef og skipsmeklar Wilhelm P.C. Blystad i Clarksons Offshore uttalde nyleg til Finansavisen at det låg an til ein stram marknad i «nokre veker», og at færre tilgjengelege båtar vil presse opp nivået på ratane i spotmarknaden.

Snittratane for ankerhandteringsskip i mars har vore på drygt 59.000 britiske pund – eller knappe 750.000 kroner, ifølgje tal frå Simpsons Spence Young.

Publisert: 08.03.2023 11:31

Sist oppdatert: 08.03.2023 11:53

Mer om