Meir enn dobla omsetning paa innreiing
TOMANNS-LUGAR: Illustrasjon av korleis dei reisande på den tradisjonsrike kystruta skal bu i lugarane som innreia av firmaet til Jonny Bjørnset (innfelt) og familien.
Nytt

Meir enn dobla omsetning på innreiing

Familiebedrift i Florø veks kraftig på cruise og har oppdrag på fleire skip til sunnmørske reiarar. 

Marius Rosbach
26.01.2021

De ulike selskapa til familien Bjørnset i Florø har opplevd stor vekst i skipsinnreiing dei siste åra. Den norske delen av verksemda i Vestnes Ocean fekk meir enn dobla omsetninga i fjor, og no er dei i innspurten med oppdraget om bord på Havila Kystruten sine nye skip.

Det er arbeidarane i dotterselskapet Vestnes Turkey, som utfører arbeidet med å innreie dei to lugardekka for passasjerane om bord på kystruteskipa.

– Det dreier seg om 141 lugarar på to dekk. Vi står for alt frå isolasjon, veggar, dørar og himlingar, i tillegg til design i forkant, fortel hovudaksjonær og dagleg leiar Jonny Bjørnset til NETT NO.

Familiebedrifta blei starta på slutten av 1980-talet av foreldra og broren til Jonny Bjørnset. Han kom inn som eigar på midten av 1990-talet og har i dag drygt 70 prosent av aksjane. Broren Roger Bjørnset eig resten.

Oppdrag på Rimfrost og Rem Offshore-skip

Oppdraget med å innreie dei to første skipa Havila Kystruten , er den største kontrakten Florø-firmaet har sikra seg til no. Men dei har også fleire oppdrag for reiararar på Sunnmøre.

Via Tyrkia-selskapet har dei oppdraget med å innreie det nye krillskipet til Stig Remøy-selskapet Rimfrost. Dei leverer også innreiinga om bord på Rem Offshore sitt nye vindskip som er under bygging ved Green Yard Kleven.

Tidlegare har dei mellom anna innreia dei to siste linebåtane til Ervik Havfiske på Stadlandet, i tillegg til møblar og design ved .

Har meir enn dobla omsetninga

Vestnes Ocean som er det norske driftselskapet, hadde i 2019 ei omsetning på 54 millionar. Inntektene auka kraftig i fjor, fortel Jonny Bjørnset.

– Vi har hatt ei veldig god vekst og i 2020 enda vi på kring 115 millionar. I tillegg kjem kring 100 millionar i omsetning frå Tyrkia, fortel han.

Totalt har Vestnes Ocean-selskapa kring 120 eigne tilsette, i tillegg til innleigde og underleverandørar. Den norske delen av verksemda har om lag 40 tilsette.

Jobbar på verdas største cruiseskip

Florø-selskapet har satsa med dotterselskap i fleire land. I India har dei hatt fleire jobbar om bord på marinefartøy, og i Frankrike jobbar dei no på det som skal bli verdast største cruiseskip, «Wonder of the Seas», for Royal Caribbean Cruises.

Sistnemnte oppdrag for Chantiers de’l Atlantique er berre ein av seks kontraktar det norske selskapet har sikra seg ved det store cruiseverftet.

Det er stor for cruiseskip vil utvikle seg, men Florø-selskapet har nok å gjere og ventar fleire oppdrag.

– Det er ingenting i dei signala vi har fått frå verftet, som tyder på at desse skipa ikkje skal fullførast. Verftet har arbeid fram til 2032 i si ordrebok, fortel Jonny Bjørnset.

– Staten bør vere meir offensiv

Bjørnset trur likevel utviklinga vil gå i retning av mindre cruiseskip som følgje av koronapandemien.

– Det kan vere positivt for den norske maritime industrien, men det viktigaste no blir å etablere tillit hos folk flest om at det er trygt å reise på cruise, seier han.

Han er ikkje i tvil om kva som skal til for å auke nybygginga ved norske verft.

– Det dei norske verfta slit med, er ei finansiering dei kan leve med. Staten bør vere meir offensiv og få på plass ordningar for å sikre nye prosjekt. Spesielt norske reiarar vil i utgangspunktet bygge her til lands, seier Bjørnset.

Ein rekke ferjeoppdrag

Familien Bjørnset sine selskap har arbeid for fleire år framover i ordreboka.

Ni ferjer for Norled som byggast i Polen, Singapore og Westcon Yard Ølen i Norge, er ein av jobbane som står for tur. Fem Boreal-ferjer som skal trafikkere Oslofjorden og byggast ved Sefine-verftet i Tyrkia, er ein anna.

– Vi har også oppdrag på ein brønnbåt som Havyard bygger for Norsk Fisketransport, legg Jonny Bjørnset til.

Det dei norske verfta slit med, er ei finansiering dei kan leve med. Staten bør vere meir offensiv og få på plass ordningar for å sikre nye prosjekt

Publisert: 26.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 18.03.2021 13:44

Mer om