Havila
RESULTAT: Havila Shipping slit med innteninga, og står i fare for å måtte selje fleire skip. Foto: Havila Shipping
Nytt

Havila kan få flåten redusert

Reiarlaget står i fare for å måtte selje fleire skip. Nytt minus på 58 millionar kroner før skatt i tredje kvartal.

19.11.2021

Havila Shipping har ei flåte på 23 skip fordelt på 15 PSV-ar, fem ankerhandlarar, tre subseaskip og ein innleigd RRV.

Selskapet inngjekk i 2020 ein restruktureringsavtale med långivarane, ein avtale som varer ut 2024. I avtalen er det sett krav til inntekter i høve til driftskostnader for dei enkelte fartøya, og nyleg måtte Havila Shipping selje PSV-en Havila Crusader som ikkje innfridde krava i avtalen.

Selskapet skriv i kvartalsrapporten at flåten kan verte ytterlegare redusert som følgje av krav frå långivarane. Blant anna er tre skip i opplag lagde ut for sal.

Havila Shipping
Resultat 3. kvartal 2021 2020
Driftsinntekter 154,8 188,6
Driftsresultat -33,7 -51
Resultat før skatt -58 16,9

Seks skip i opplag
Fraktinntektene gjekk ned med 34 millionar kroner samanlikna med 3. kvartal i fjor, men var åtte millionar kroner høgare enn 2. kvartal i år. Dette skuldast betre rater for ankerhandlarane.

Selskapet har no seks skip i opplag fordelt på tre ankerhandlarar og tre PSV-ar.

Hittil i år har flåten segla inn 400,6 millionar kroner. Samla resultat før skatt er på minus 116,9 millionar kroner.

Nok kontantar
Bokført verdi på flåten er på vel 1,6 milliardar kroner.

Den renteberande gjelda er på 2,6 milliardar kroner, og ikkje renteberande gjeld på 1,4 miliardar.

Ifølgje restruktureringsavtalen er det eit krav at selskapet skal ha minimum 50 millionar kroner i frie kontantar. Ved slutten av kvartalet hadde selskapet 80 millionar kroner.

Havila Shipping har no 411 tilsette på fartøya og 16 tilsette i administrasjonen.

Selskapet har 3885 aksjonærar, derav 151 utanlandske. Havila Holding er største aksjonær med 50,96 prosent av aksjane.

Publisert: 19.11.2021 15:56

Sist oppdatert: 19.11.2021 18:12

Mer om