Brødrene Aa Tor Øivind Aa okt 2023 Foto Marius Rosbach
HYEN: Dagleg leiar Tor Øivin Aa i Brødrene Aa opplever ordreboom etter nokre magre år. Nyleg hadde dei tre katamaranar til Norled på rekke og rad inne i hallen på Hyen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meir optimisme blant verfta

Brødrene Aa mellom dei som har fått ny ordre frå trufast kunde før bransjen møtes til årleg konferanse.

Tysdag og onsdag denne veka går verftskonferansen av stabelen i Ålesund.

Det er ein bransje i stadig meir medvind som møtast, etter å ha lagt bak seg nokre tøffe år.

Brødrene Aa-verftet i Gloppen er mellom bedriftene der stemninga har snudd frå motgang til medgang i løpet av det siste året. Nyleg kunne dei fylle på ordreboka med ein ny båt til sightseeingselskapet Rødne.

– Det har vore ein av våre viktigaste kundar, fortel dagleg leiar Tor Øivin Aa i Brødrene Aa til NETT NO.

Båt nummer 22 for Rødne
Stor pågang med reisande er årsaka til at Rødne vil investere i ny båt til å trafikkere turisttruta frå Bergen til Mostraumen. Båten skal leverast i starten av 2025.

Reiarlaget som har base utanfor Stavanger, bestilte den første båten frå Gloppen-verftet allereie på 1970-talet. Dei var óg dei første til å bestille båt i karbonfiber frå verftet i 2002.

Sidan den gong har Brødrene Aa bygd 12 slike båtar for Rødne, og heile 21 båtar til saman.

– Dei har vore i front heile tida både med materialval og elektrifisering. Dette blir ein hybridbåt der dei får utvida kapasiteten og kan segle på elektrisk på utvalte delar av strekninga, seier Aa.

Brødrene aa rødne bygg 322 illustrasjon brødrene aa 11
TRENGDE STØRRE BÅT: Grunna stor pågang med reisande, vil Rødne auke kapasiteten på turistruta frå Bergen. Slik blir den nye båten frå Brødrene Aa med plass til nær 300 passasjerar. Illustrasjon: Brødrene Aa

Rekordtjukk ordrebok
Dei siste åra har det vore store svingingar hos verfta. Også ved Brødrene Aa har det vore har det vore ordretørke og oppseiingar under koronapandemien.

Utover 2023 tikka det inn betydeleg med oppdrag, og no er det ny oppsving i aktiviteten med rekordtjukk ordrebok.

Verdien på den siste kontrakten med Rødne er på kring 100 millionar kroner.

Meir attraktive for utanlandske kundar
Hyen-verftet har no fullt opp å gjere, og har for tida kring 250 tilsette i arbeid. Av desse er om lag 180 fast tilsette ved verftet.

Samtidig opplevar dei at valutasituasjonen med svak krone, har gjort dei meir attraktive hos utanlandske kundar.

Verftsjefen fortel at kostnaden for utanlandske kundar har gått betydeleg ned. Sidan verftet bygger komplette fartøy, og ikkje kjøper skrog frå lågkostland, styrkar det konkurransekrafta til Nordfjord-verftet.

Verfta har betydeleg større ordrar
Per i dag har norske verft 61 skip med ein samla kontraktverdi på 33,6 milliardar kroner under bygging eller i bestilling.

Hittil i 2023 er det offentleggjort 27 nybyggingskontrakter med ein samla verdi på 12,2 milliardar kroner.

Det er ein markert auke sidan 2022, då norske skipsverft signerte kontraktar for 22 nybygg for til saman 6,6 milliardar kroner, ifølgje statistikken til bransje- og salsorganisasjonen Norske Skipsverft.

Ventar fullt hus og statsrådbesøk
Den årlege Verftskonferansen i Ålesund samlar næringa og maritim industri frå heile landet. Med 387 påmelde har arrangøren Norsk Industri sett stopp for påmeldinga.

Den nye fiskeri- og havministeren, Cecilie Myrseth, skal opne konferansen og skal også besøke Kystverket og ÅKP når ho er i Ålesund.

Analysesjef Erik Tønne i Clarksons Platou, spådde i fjor at det ville bli bestilt nye offshorefartøy (for olje- og/eller vind) innan 12-18 månadar. Han skal innleie om Clarkson Plataou sine vurderingar også i år.

Publisert: 06.11.2023 15:17

Sist oppdatert: 16.12.2023 07:00

Mer om