Hexagon Composites dropper norsk
RESULTAT: Omsetningsvekst for Knut Flakk og Jon Erik Engeset i Hexagon, men konsernet slit med komponentmangel og høge råvareprisar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Merkar mangel på kritiske komponentar

Høge råvareprisar og mangel på kritiske komponentar under pandemien dreg resultatet ned for Hexagon.

04.11.2021

Hexagon-konsernet auka både omsetning og inntening i første kvartal, med unntak av Hexagon Purus (ikkje med i desse tala).

Høge råvareprisar la press på økonomien, samstundes som selskapet hadde problem med å skaffe kritiske komponentar på grunn av pandemien.

Dette vert det opplyst i kvartalsrapporten.

(saka held fram etter tabellen)

Hexagon Group
Resultat 3. kvartal 2021 2020
Driftsinntekter 875 770
Driftsresultat

61

31

Resultat før skatt

47

-46

Satsar i Europa
Konsernsjef Jon Erik Engeset seier i kvartalsrapporten at han har stor tru på kraftig vekst framover, ikkje minst som følgje av at ei rekke selskap og institusjonar set nullutsleppsmål.

Hexagon-konsernet riggar seg derfor for rask vekst, og aukar blant anna produksjonskapasiteten i Europa.

Komponentmangel
Engeset seier seg godt nøgd med den økonomiske utviklinga i kvartalet, men viser til at resultata kunne vore langt betre om det ikkje det var stor mangel på kritiske komponentar, ein mangel som har råka selskap verda over.

Han viser til at forsyningskjedene framleis slit med å fungere godt igjen etter pandemien.

Tre selskap med tap
Ser ein på dei ulike delene av Hexagon-konsernet, omsette Hexagon Agility for 742 millionar kroner i kvartalet, og hadde eit resultat før skatt på 63 millionar.

Hexagon Ragasco omsette for 86 millionar og hadde eit resultat før skatt på minus 5 millionar, medan Hexagon Digital Wave omsette for 19 millionar kroner og tapte ein million kroner før skatt.

Frå før har Hexagon Purus lagt fram kvartalstal, som viser eit negativt resultat før skatt på 96,5 millionar kroner. Hexagon eig 74,7 prosent av dette selskapet.

Publisert: 04.11.2021 08:14

Sist oppdatert: 04.11.2021 08:46

Mer om