Milliardavtale for Norled
FRAMLEIS NORLED: Norled skal trafikkere tre ferjesamband på ytre søre Sunnmøre til og med 2031.
Nytt

Milliardavtale for Norled

Norled får ein milliard kroner for å driver ferjesamband på ytre søre Sunnmøre.

15.01.2020
Frå 1. januar 2021 og til og med 31. desember 2031 er det Norled som skal drive dei tre ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvika-Koparneset og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Det er Norled som driv desse sambanda i dag.
Kontrakten er på omlag ein milliard kroner .
I tillegg til å betale for drifta får fylkeskommunen "ein betydleg kostnad" med oppgradere kaianlegga for sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Oppgraderings skal vere ferdig i 2025, slik at nye og større ferje kan settast inn i sambandet.
På sambandet Årvika-Koparneset skal det settast inn miljøferje frå 2022, i følgje meldinga. Det er ikkje presisert om det er ei rein batterriferje eller hybridferje, men den kjem og til å kreve investeringar på landsida.

Publisert: 15.01.2020 14:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50