Daniel Johanson Knut Magne Slottsvik Tor Erik Godø Kim Molnes foto MMC First Process 11
NYTILSETTE: Daniel Johansson (f.v.) er servicekoordinator på kuldeavdelinga til MM First Process, og har tilsett Kim Molnes, Tor-Erik Godø og Knut Magne Slottsvik som kuldemontørar – og det blir fleire tilsettingar framover. Foto: MMC First Process
Nytt

Standby med ti fryseanlegg til Russland

Fullt køyr og nytilsettingar av kuldemontørar ved MMC First Process. Men reiserestriksjonar gir utfordringar.

Marius Rosbach
03.06.2021

Kuldemontørane i MMC First Process har fullt opp å gjere etter fleire år med kraftig vekst for selskapet som leverer system for handtering og kjøling av fisk.

Auke i salet gir auke i behovet for tenester og service i ettermarknaden, i tillegg til igangkøyring av nye system. Reiserestriksjonar som følgje av pandemien, gjer det ekstra utfordrande å gjennomføre alle oppdraga om dagen.

For augneblinken står dei mellom anna standby til å sette i gang med innkøyring av ein rekke fryseanlegg i Russland. Leiar for avdelinga, Jan Petter Urke, fortel at dei førebels «sitt på gjerdet» og følger situasjonen både når det gjeld smitteutvikling og restriksjonar.

– Det står ikkje på oss. Anlegga skal om bord i båtar ved to ulike verft, og det er totalt ti prosjekt, seier Urke til NETT NO.

Russland er absolutt blitt ein interessant marknad
Jan Petter Urke

Russland ein større marknad
Avdelingsleiaren fortel at Russland har blitt ein større marknad dei seinare åra. Oppdraga med fryseanlegga skriv seg frå eit byggjeprogram som blei starta for tre-fire år sidan.

Også konkurrenten Optimar kunne i vinter melde om leveransar til åtte russiske fiskebåtar.

– Russland er absolutt blitt ein interessant marknad. Utfordringane både der og i USA, er gjerne at ting tek lengre tid enn vi er vande med, fortel Urke.

I tillegg til fiskebåtar, blir systema nytta ved brønnbåtar, produksjonsanlegg på land og landbaserte oppdrettsanlegg. Kuldemontørane leverer også tenester til forsyningsskip til supplyflåten.

Jan Petter Urke 11
OMSETT FOR MEIR ENN 100 MILL: Kuldeavdelinga som blir leia av Jan Petter Urke, vil omsette for meir enn 100 millionar i år. Foto: MMC First Process

Omsett for meir enn 100 mill. og tilsett fleire
Inntektene i MMC First Process-rekneskapene har peika oppover dei siste åra, og omsetninga er meir enn dobla sidan 2015.

Auka har ført til meir å gjere også for kuldeavdelinga, som i år vil omsette for «godt over 100 millionar», ifølgje selskapet.

Avdelingsleiar Urke fortel at dei nyleg har rekruttert fleire nye tilsette. Det gjer at selskapet no har 20 kuldemontørar i jobb på Digernes og avdelinga i Haugesund.

– Vi kjem til å trenge fleire, forsikrar han.

Publisert: 03.06.2021 10:02

Sist oppdatert: 03.06.2021 10:09

Mer om