Stad skipstunnel illustrasjon med folk illustrasjon kystverket 11
Illustrasjon: Kystverket
Nytt

Milliardløyving og grønt lys for skipstunnel

Fremma i Stortinget og regjeringa set av 3,4 mrd. i NTP. Les meldinga som legg grunnlaget for bygginga.

Marius Rosbach
12.03.2021

Fredag la regjeringa fram ei eiga sak til Stortinget der dei føreslår å byggje Stad Skipstunnel.

Ifølge proposisjonen er prislappen omrekna til 2021-kroner oppe i ei samla kostnadsramme på 4,09 mrd. og styringsramme på 3,45 mrd.

– Bygginga av Stad skipstunnel vil fjerne ein viktig barriere for skipstrafikken i eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. No stadfestar vi bygginga av prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

3,4 mrd. i transportplanen
Samtidig kjem regjeringspartia med nok ei lekkasje frå forslaget til ny Nasjonal Transportplan (NTP) for 2022 til 2033.

I ei pressemelding fredag kjem det fram at prosjektet er inne med 3,4 milliardar kroner.

– Stad Skipstunnel blir det største investeringsprosjektet for sjøtransport i Noreg nokon sinne, og eit unikt prosjekt også i verdssamanheng, heiter det i ei pressemelding frå Alfred Bjørlo (V), Olve Grotle (H) og Tore Storhaug (KrF).

Forslaget blir først lagt fram neste veke og blir endeleg vedteke i Stortinget.

Kan står klar i 2025
Om alt går etter planen vidare kan bygginga starte allereie i år og tunnelen stå klar i 2025, ifølgje pressemeldinga.

Anslått byggetid og ferdigstilling er i proposisjonen til Stortinget opplyst å vere fem år i alt. I statsbudsjettet for 2021 vart det løyva 75 millionar i planleggingsmidlar, som gjer at Kystverket allereie er i gang med arbeidet.

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipa og store ringnottrålarar. Det vil seie seglingsbreidde på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og seglingsdjup på 8 meter.

Les proposisjonen til Stortinget her (ekstern lenke)

Publisert: 12.03.2021 12:15

Sist oppdatert: 14.03.2021 13:52

Mer om