Enova gir til saman 69,2 millionar kroner i støtte til å bygge infrastruktur for lading av hurtigbåtar på samband i Trondheimsfjorden, indre Oslofjord i Ryfylke i Rogaland.
Alle tre fylka vil erstatte dagens dieseldrivne hurtigbåtar med null- eller lavutsleppsbåtar, og pengane frå Enova skal vere med og finansiere framføring av kraftliner og bygging av ladeanlegg. (Enova er eit statleg foretak eigd av Klima- og miljødepartementet).
Trøndelag får 16,8 millionar, Oslo og Viken 25,2 og Rogaland 27,2 millionar kroner i støtte.
Satsar på batteri
Kraftleidningar og ladeanlegg er det ingen vits i år bygge om det ikkje er båtar å lade.
Skipsverft som byggjer hurtigbåtar kan difor rekne med at det bli ny- eller ombyggingsoppdrag å konkurrere om i kjølvatnet av Enova-støtta.
For sambanda på Trondheimsfjorden startar neste anbodsperioden i 2024 og det fylkeskommunale transportselskapet AtB reknar med å legge sambanda ut på anbod rundt årsskiftet 2021/2022, ifølgje pressemeldinga frå Enova.
- Sannsynlegvis kan strekninga frå Trondheim til Vanvikan og Brekstad heil-elektrifiserast med reine batteriløysningar, seier Gunnel Fottland, marknadssjef Transport i Enova i pressemeldinga.
Fire av seks
I Rogaland er målet at fire av seks hurtigbåtar som går i trafikk i Ryfylke skal blir elbåtar og at også hurtigbåtsambandet mellom Stavanger og Lysefjorden blir elektrisk.
Pressemeldinga gir ingen tidsplan for overgangen til elbåtar.
I indre Oslofjord blir det gitt støtte til infrastruktur for lading av hurtigbåtar på fire samband, dei lengste mellom Aker Brygge og Drøbak og Son.
Pressemelding gir heller ingen tidsplan for elektrifiseringa av sambanda i indre Oslofjord.
Betre hurtigbåt
Fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark har tidlegare i år gått saman om eit prosjekt for å utvikle meir energieffektive hurtigbåtar for trafikk på kortare samband.
Det betyr nettopp slike samband som Enova no har gitt støtte til.
Målet er å lage båtar som glir lettare gjennom sjøen. Dei vil bruke mindre energi enn dagens hurtigbåtar og dermed kan rekkevidda for batteridrivne båtar utvidast.
I Møre og Romsdal har fylket tidlegare varsla at det vil dele sambandet Hareid-Ålesund-Vigra i to samband, Hareid-Ålesund og Ålesund-Vigra for gjere det råd å trafikkere Hareid-Ålesund med ein batteridriven huritigbåt.
Hydrogen på lange samband
Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark kjem neste år også til å lyse ut ein konkurranse om å utvikle hurtigbåt som har hydrogen som energiberar.
Den vil vere alternativet på lange distansar, som til dømes Selje-Bergen og Kristiansund-Trondheim.
Publisert: 16.12.2021 09:56
Sist oppdatert: 16.12.2021 09:56