Milliontap i fjor, pluss i år
2021 blei tøft for Myklebust Verft-konsernet.
Utfordringar med nybyggingsprosjekta gav raude tall, skriv Myklebust Verft i ei pressemelding om 2021-reknskapet.
- 2021 er historie, men vi må lære av dei utfordringane vi har hatt og sørge for at vi framover skapar sunne og lønnsame arbeidsplassar her på Myklebust Verft.
- Hittil i år har vi jobba mykje med å få kontroll og trygge gjennomføring av pågåande prosjekt, og dette arbeidet fortsett vi med. Det er gledeleg at vi så langt i 2022 har levert langt betre resultat, seier administrande direktør Lars Conradi Andersen i pressemeldinga.
Han tok over etter Inge-Jonny Hide, som slutta på tampen av 2021.
Plussresultat
Så langt i år har Myklebust Verft gått med overskot, og slik ser det ut til å bli også for heile 2022.
- Vi ligg an til eit overskot også på årsbasis, seier finansdirektør Leiv Sindre Muren til NETT NO.
I første halvår 2022 har verftet hatt full sysselsetting, med to større ombyggingar og eit nybygg under utrustning.
- Ordremengda for Myklebust strekker seg over i 2023, og vi jobbar aktivt ut mot marknaden for å sikre oss meir arbeid. Det er positivt å registrere at utsiktene innanfor spesielt offshore service er i ferd med å ta seg betrakteleg opp, samstundes som etterspørselen innafor fisk og oppdrett held fram, seier Conradi Andersen i pressemeldinga.
Myklebust Verft Invest as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 854,1 | 540,2 |
Driftsresultat | -92,9 | 11,2 |
Resultat før skatt | -85,3 | 4,3 |
Publisert: 17.06.2022 15:27
Sist oppdatert: 30.06.2022 11:03