Myklebust Verft Hurtigruten foto
MANGE I ARBEID: Ombyggingane til Hurtigruten ved Myklebust vil halde mange i arbeid både på verftet og leverandørbedrifter. I 2020 hadde verftet ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen inne i dokka. Arkivfoto: Olav Thokle, Fotomaritim
Nytt

Starta året med fire nye kontraktar

Hareid Group med oppdrag på fire skip ved lokale verft.

Marius Rosbach
02.02.2022

2022 har starta godt for Hareid Group og konsernet har signert fire nye kontraktar for større elektroleveransar på skip ved Myklebust Verft og Larsnes Mek. Verkstad.

Det opplyser konsernet i ei pressemelding onsdag.

– Alle prosjekta har oppstart i løpet av 2022 og er ei ytterlegare styrking av vårt lange og gode samarbeid med Larsnes Mek. Verksted og Myklebust verft. Saman med ei frå før god ordrebok, gjer desse kontraktene at vi får eit hektisk år for den maritime verksemda i Hareid Group, uttaler dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk i meldinga.

Hybriddrift på Hurtigruten-skip
To av kontraktane er med Myklebust verft i Sande. Gursken-verftet skal i gong med ei større ombygging av hurtigruteskipet MS Kong Harald, tilsvarande den som skal gjerast på MS Richard With no i februar.

Om bord skal Hareid Group levere komplette elektroleveranse på skipet som skal byggjast om til hybrid framdrift. Ombygginga vil kutte utsleppa med kring ein firedel.

Det andre oppdraget er eit gjensyn med Akofs Seafarer og omfattar ei ombygging med nytt utstyr for effektiv brønnintervensjon.

Brønnbåt og kystnotfartøy
Hareid Group har óg signert to kontraktar med Larsnes Mek. Verkstad.

Den eine for komplette elektroleveransar til den tiande brønnbåten i rekka for Rostein-reiarlaget på Harøya, og den andre for tilsvarande leveransar på eit kystnotfartøy for Jarle Bergs Sønner på Værøy.

– Kontraktene er nok eit prov på kor viktig brønn- og fiskebåtsegmenta er for aktiviteten i den maritime klynga på Sunnmøre, skriv selskapet.

Publisert: 02.02.2022 11:06

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:58

Mer om