Volt collector dåp foto marius 11
FOSNAVÅG: Volt Service-reiarlaget døypte Volt Collector i fjor i Fosnavåg. Even T. Remøy lengst til venstre i bilde. Foto :Marius Rosbach
Nytt

Mindre sprut i drifta for Herøy-reiarlag

Omstillingsår i fjor. Ventar anna inntening i år.

Marius Rosbach
13.07.2023

Remøy Management Holding fekk eit svekka resultat i fjor, viser det ferske årsrekneskapen til Herøy-konsernet. Samla inntekter for konsernet vart 420 millionar kroner – som er ny rekord.

Lønnsemda blei svekka og resultat før skatt enda på knappe 25 millionar – om lag ein tredel samanlikna med rekordåret 2021 (sjå tabellar under).

– Vi selde vi ein båt rett før nyttår 2021, og fekk levert to nybygg i løpet av året. Kostnadene med overtaking og forseinkingar frå verft påverka resultatet, seier toppsjef Even T. Remøy til NETT NO.

Ventar betre lønnsemd i år
Remøy fortel at dei ventar heilt andre tal og betre lønnsemd i år, etter det han omtalar som eit «omstillingsår».

– 2023 har gått veldig bra så langt og vi har god drift i flåten, seier Remøy.

Konsernet inkluderer mellom anna Volt Service-reiarlaget og fleire dotterselskap, driftar til saman 10 fartøy.

2023 har gått veldig bra så langt og vi har god drift i flåten
Even T. Remøy
Remøy Management (konsern)
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
420
408
Driftsresultat
75
111
Resultat før skatt
25
72

Tok nyleg i mot ny båt
Nyleg tok reiarlaget mot Volt Harvest III frå Fitjar Mekaniske Verkstad og dei har nok ein båt under bygging.

– No skal vi få det som er blitt ein rein bløggebåtflåte opp og gå, og vi har ikkje teke nokre avgjerd om å bygge ytterlegare nye båtar, svarar Remøy på spørsmål om det er aktuelt å bygge fleire.

Volt harve ST
NY BÅT: Volt Harvest III er den tredje bløggebåten Volt Service får bygd hos Fitjar Mek. Verksted. Foto: Volt Service

NETT NO fortalde tidlegare i år at Volt Service-reiarlaget la to nybygg på is grunna lakseskatten. Remøy seier ingenting er endra i den situasjonen.

Eigenkapitalen i konsernet var på 213 millionar ved utløpet av 2021, og eigarane tok 15 millionar kroner i utbytte, viser årsrapporten.

Har 330 folk i arbeid
Remøy Management eig og driftar i tillegg kystvaktskipa KV Sortland, KV Bergen og KV Barentshav og KNM Olav Tryggvason for marinen – pluss at dei driftar kabelskipet NKT Victoria for ein ekstern eigar.

Til saman har Remøy Management-gruppa kring 330 folk i arbeid. Remøy fortel at det går fint å få tak på folk til å bemanne båtane.

- Det er blitt litt meir utfordrande, men rekrutteringa har gått bra for oss så langt, legg han til.

Publisert: 13.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.07.2023 10:18

Mer om