Elling Dybdal Tussa
GOD PERIODE: Året ser svært bra ut for konsernsjef Elling Dybdal i Tussa etter utgangen av andre tertial. Foto: Tussa
Nytt

Mindre straumproduksjon – langt høgare overskot

Tussa styrer mot godt resultat, viser tertialrapporten.

Marius Rosbach
10.10.2023

Tussa-konsernet fekk eit resultat før skatt på meir enn 176 millionar kroner i andre tertial i år.

Det er meir enn ei tredobling av overskotet frå same periode i fjor, og hovudårsaka er høgare pris på straumen og garantiar som gir betre lønnsemd, skriv selskapet i rapporten for 2. tertial.

(saka fortsetter under)

Tussa As
2. tertial. i mill. kroner20232022
Driftsinntekt882,3606,4
Driftsresultat249,3

80,9

Resultat før skatt

176,4

56,2

Kraftproduksjonen i tertialet var på 421 gigawatt-timar, mot 575 i same periode i fjor.

Selskapet skriv at kraftprisen i har vore fallande etter høge prisar dei to føregåande tertiala. Gjennom august vart det særs mykje regn i sør som smitta over til prisområdet til Tussa.

– Dei nedtappa gasslagera i Europa, som i fjor løfta kraftprisane også i Norden, er no godt oppfylte, og prisane på kontinentet er enn så lenge normaliserte, heiter det vidare i rapporten.

Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool per utgangen av 2. te

Les tertialrapporten her (ekstern lenke)

rtial var 44,5 øre per kilowatt-time. Utsiktene for dei fire siste månadene av året er rundt 20 øre per kilowatt-time, medan prisen i september var om lag 10 øre.

- Det er likevel svært usikkert kva prisane kjem til å verte. Vert det mykje lågtrykk, med vind og nedbør, kan prisane verte endå lågare. Om det vert høgtrykk, med lite vind og nedbør, kan prisane verte vesentleg høgare, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa i ei pressemelding i samband med rapporten.

Publisert: 10.10.2023 18:55

Sist oppdatert: 10.10.2023 18:57

Mer om