Tussa nytt bygg snorklipping foto marius 11
«RØYRKLIPPING»: Herøy-ordførar Bjørn Prytz (midten) fekk æra av å opna det nye bygget til Tussa på Mjølstadneset tidlegare i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Rekordresultat i Tussa Installasjon

Selskapet veks både i utstrekning og på inntektsfronten

Linn Antonie Vårdal Solheim
04.08.2023

Både salsinntekter og resultat før skatt veks for Tussa Installasjon i 2022. Selskapet er eit eit heileigd dotterselskap i Tussa-konsernet, og driv med levering og installasjon av elektrotenester og -utstyr.

Resultat før skatt enda på rett under 11 millionar, med ein resultatmargin på 6,2 prosent.

Tussa Installasjon
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter

177,0

168,1
Driftsresultat
12,2

2,5

Resultat før skatt
11,0
2,3

Utvidar nedslagsfeltet
Tussa Installasjon er ei av dei største elektrikarbedriftene i regionen, og har etter kvart etablert avdelingar på ein rekke ulike lokasjonar. Selskapet sysselsette i snitt 101 årsverk i 2022.

I desember 2021 kjøpte Tussa Installasjon elektrikarbedrifta Stryn Elektro, og i juni 2023 melder selskapet om at samanslåinga er fullført.

- I 2022 auka ordreinngangen med 13 prosent. Auke i omsetninga skuldast stor aktivitet i prosjektmarknaden, og kjøp av Stryn Elektro. Året 2023 vil vere prega av god aktivitet innafor både prosjekt- og servicemarknaden, skriv Tussa i årsmeldinga for 2022.

Satsar på solceller
Energieffektiviseringstiltak og eigenprodusert straum er i vinden som aldri før. Dei siste åra har det vore mykje utvikling på elektrofronten, og solceller har i større grad enn tidlegare blitt eit framveksande tenesteområde for Tussa Installasjon.

I 2022 leverte dei solceller til ei rekke større og mindre prosjekt, og installerte mellom anna solceller på taket til Volda Mat. Anlegget består av 204 panel, og kan produsere om lag 52.000 kWh i året.

- Forretningsområdet er prega av stor teknologisk utvikling, mellom anna innan ulike automasjons- og styringssystem. Selskapet opplever også at interessa for miljøvenlege løysningar, som til dømes solceller, aukar i regionen vår, skriv morselskapet Tussa i årsrapporten om utviklinga i Tussa Installasjon.

Publisert: 04.08.2023 13:12

Sist oppdatert: 04.08.2023 13:10

Mer om