Minst 54 smitta i utbrot ved Hofseth
Fleire nye smitta i helga – også ved Vard-verft.
I løpet av helga er det meldt om 12 nye smitta knytt til utbrotet ved fiskeforedlingsbedrifta Hofseth i Vanylven.
Det gjer at talet på smitta er oppe i 54 personar, ifølgje ei oppdatering frå Vanylven kommune.
Testa ein gong til
Kommuneoverlege Cecilie Oppedal opplyser til avisa Synste Møre at dei 12 tilfella kjem etter at personar som testa negativt i første runde med testing, viste seg å vere smitta ved test nummer to.
– Utbrotet held seg innan det same miljøet, og ein har ikkje funne noko smittebru ut i lokalsamfunnet per no, påpeiker ho.
Likevel oppmodar ho at folk at låg terskel for å teste seg om dei har symptom.
Fleire smitta i Ålesund
Ålesund kommune melde i helga om 11 nye smittetilfelle i helga. Fire av desse er knytt til utbrotet ved Vard Søviknes-verftet, og alle har kjende smitteveg, ifølgje ei statusoppdatering.
Nokre av dei smitta er flytta til isolasjon ved brakkeriggen ved Trohaugen i Vestnes. Verftskonsernet jobbar med å teste fleire av arbeidarane.
Publisert: 06.09.2021 06:17
Sist oppdatert: 06.09.2021 01:15