MMC First Process montasje eivind Vinje foto Marius MMC
TRENG FLEIRE KOLLEGAER: Eivind Vinje som leiar avdelinga for prosessering i MMC First Process er på jakt etter fleire tilsette etter ny vekst innan oppdrettsbransjen. Foto: Marius Rosbach/MMC First Process
Nytt

MMC First Process i gong med ny rekruttering

No treng utstyrsleverandøren igjen nye folk til å handtere auka aktivitet i oppdrettsbransjen.

Marius Rosbach
28.02.2024

MMC First Process er igjen ute etter å rekruttere folk til jobbar i avdelingane for akvakultur og prosessering. Etter ei lengre periode utan vekst i talet på tilsette, er det no meir å gjere for bedrifta som har store avdelingar på Digernes i Ålesund og Eggesbønes i Herøy.

I desse dagar har bedrifta gått ut med annonsar til ei rekke nye stillingar, som dei håpar å rekruttere framover. Eivind Vinje som leiar avdelinga for prosessering meiner selskapet kan ha behov for 20 nye tilsette i løpet av året.

– I første omgang treng vi mekaniske ingeniørar og tilsette som kan konstruksjon og design. Det er gjerne folk som jobbar saman med kundane for å teikne fabrikken og finne dei beste løysingane, seier han til NETT NO.

Etter kvart vil det også vere behov for fleire folk i prosjektleiarstillingar, i produksjonen og seinare i salsleddet.

Søker i stram arbeidsmarknad
Nøyaktig kor mange nye tilsette selskapet vil trenge, er ikkje hogd i stein. Det er mellom anna avhengig av kunnskap hos dei som søkjer.

Samtidig er det ein stram arbeidsmarknad med avgrensa tilgang på søkjarar. Personar med bakgrunn frå fiskeprosessering, eller produkt med tilsvarande hygieniske krav, er spesielt ettertrakta.

– Det er ikkje så mange som har nøyaktig den erfaringa som er vi er ute etter, men dei som er dyktige – dei tek oss inn, seier han.

Hima seafood rjukan landbasert oppdrett MMC First Process illustrasjon Hima
FØRSTE STORE KONTRAKT: Førre veke kunne MMC First Process melde om sin første store kontrakt på landbasert oppdrett i Norge, sidan laksskatten kom på bordet. Illustrasjon: Hima Seafood

Første storkontrakt på lang tid
Etter at forslaget om lakseskatt kom på bordet hausten 2022, har det i stor grade vore stille med nye ordrar i denne marknaden.

No er det meir aktivitet og MMC First Process kunne nyleg fortelje om den første store kontrakten til landbasert oppdrett i Norge, sidan ordretørken slo inn.

Selskapet skal levere alt av utstyr og teknologi for flytting av levande fisk i heile anlegget som Hima Seafood skal bygge på Rjukan.

Islandsk samarbeidsavtale
MMC First Process har nyleg inngått ein partnaravtale med islandske Marel, som også ligg til grunn for nyrekrutteringa. Sunnmørsbedrifta har tidlegare samarbeida med storkonsernet om handtering av pelagisk fisk.

Med den nye avtalen i boks, vil samarbeidet inkludere «heile breidda av akvakultur og laks», fortalde MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske til NETT NO då avtalen blei kjent.

Han påpeika at dei venta ny vekst som følgje av avtalen – og venta at de ville bli tilsett «betydeleg» med folk i løpet av året.

Publisert: 28.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 27.02.2024 23:14

Mer om