rettssal illustrasjon foto marius 11
DOM: Molde-advokat vann ikkje fram med salærkrav i Møre og Romsdal tingrett i Kristiansund. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Molde-advokat tapte i retten

Krevde 250.000 kroner i salær, men enda opp med null og høge sakskostnader.

16.03.2022

OBS: Tittel og tekst endra 17.03 klokka 11:26 frå Ålesund - til Molde-advokat

Salærkravet frå Molde-advokaten starta i november 2020 med 58.500 kroner, inklusiv meirverdiavgift, mot mannen frå Averøya. Han nekta å betale.

Deretter kom det fleire nye krav, med høgare satsar. Først i november 2020 på 97.680 eksklusiv mva, så i september 2021 på 187.500 kroner, pluss forseinkingsgebyr, og enda til slutt i november 2021 på 250.000 kroner, inkludert mva, pluss forseinkingsrente.

Molde-advokaten skulle i utgangspunktet bistå mannen på Averøya med ein veitvist han hadde med sine naboar.

Averøyværingen hadde i utgangspunktet brukt eit anna advokatfirma, men han ønska å anke vedtaket i jordskifteretten og overdrog saka og alle sakspapir til Molde-advokaten.

- Krevst sjølvstendig avtale

Striden mellom partane har dreia seg om Molde-advokaten berre skulle bistå i saka som stod for jordskifteretten, eller om det også skulle gjelde andre tvistar averøyværingen har vore involvert i, som ei byggesak mot Averøy kommune.

Retten har lagt til grunn at oppdraget kun galdt tvisten som stod for jordskifteretten, ei sak som averøyværingen vann, og har betalt rett salær til advokaten for.

Retten slår fast at det krevst ein sjølvstendig avtale eller oppdragsstadfesting om advokaten også skulle bistå i andre saker. Ein slik avtale meiner retten at det ikkje er framlagt dokumentasjon på.

Retten viser til at bevisbyrda ligg hos advokaten, og slår fast at Molde-advokaten måtte sørge for ein klar og tydeleg avtale om oppdrag.

Høge sakskostnader
Molde-advokaten miste undervegs advokatbevillinga, men inngjekk samarbeidsavtalar med to ulike advokatfirma, inkludert ein Oslo-advokat som sende ei betalingsoppfordring til averøyværingen.

Klienten fastslo på sin side i retten at han ikkje hadde vore i kontakt med eller hadde hatt møter med dei nye advokatfirmaene, og avviste dermed å betale krava.

Møre og Romsdal tingrett i Kristiansund har frifunne averøyværingen. Retten meiner sakskostnadskravet frå partane er høgt når ein ser på tvistesummen, men retten har lagt vekt på den tid Molde-advokaten opplyser at han har brukt på saka. I tillegg viser retten til at den faktiske og rettslege framstillinga av saka har vore rotete og skapt meirarbeid for prosessfullmektigen til Averøy-mannen. Retten har difor dømd Molde-advokaten å betale 152.840 kroner i sakskostnader.

Publisert: 16.03.2022 15:16

Sist oppdatert: 17.03.2022 11:36

Mer om