Mein Schiff 1 Fotograf Rene Garmider
RESULTAT: R&M Ship Interior er store på innreiingsarbeid, og har no meir oppdrag til fiskerinæringa. Foto: R&M Interior
Nytt

Molde-selskap ser vekst innan fiskeri

R&M Ship Interior med god ordrereserve etter fleire tøffe år.

20.03.2023

Molde-baserte R&M Ship Interior har 56 tilsette og har i hovudsak drive med innreiingsarbeid for skipbsyggingsindustrien.

I perioden 2013-2021 gjekk selskapet i pluss berre eitt år, men så snudde det kombinert med at ein satsa meir inn mot fiskerinæringa og olje og gass, og ikkje så mykje mot cruise og passasjermarknaden.

I 2022 vart resultatet før skatt 4,9 millionar kroner av ei omsetning på 182,4 millionar. I toppåret 2019 var omsetninga på 378 millionar kroner.

(saka held fram under)

R&M Ship Interior
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 182,4 217,5
Driftsresultat 5,5 5,2
Resultat før skatt 4,9 2,2

God ordrereserve
I årsmeldinga viser selskapet til at det i åra 2021 og 2022 har vore færre nybyggingskontrakter enn normalt, og då spesielt innanfor større skip som produksjonsskip og cruise/ekspedisjonsskip.

Selskapet ser derimot auka aktivitet rundt ombygging av eksisterande skip, samt service- og ettermarknad. I tillegg fekk ein i fjor to kontraktar innanfor olje og gass.

R&M Ship Interior har no ein ordrereserve for 2023 på rundt 100 millionar kroner, der fleire av prosjekta er knytte til fiskeri og ombygging.

Kjøpt opp frå Kina i 2021
Ein forventar positive resultat dei neste to-tre åra, sjølv om krigen mellom Russland og Ukraina har ført til auka råvareprisar og høg inflasjon.

Selskapet er ein del av det tysk-baserte konsernet R&M Group (Rheinhold & Mahla), men vart i 2021 kjøpt opp av kinesiske CSSC Group.

Publisert: 20.03.2023 10:30

Sist oppdatert: 20.03.2023 09:25

Mer om