Kitin stab 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
LENGER TID ENN PLANLAGT: I fjor haust trudde dei som då var tilsette eller engasjert av Kitin-konsernet på rask framdrift, men i staden blei det utsettingar, permitteringar og færre folk i selskapet. Grunnleggar og styreleiar Nils Halvard Molnes nummer fire frå venstre Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Molnes på etterskot med krillsatsing

Krillselskapet Kitin i Giske hadde investorane klare, men så kom krigen i Ukraina.

02.09.2022

-Vi hadde ting på plass før krigen, seier Nils Halvard Molnes, dagleg leiar og største aksjonær i Kitin-konsernet.

Målet er å bygge eit fartøy for å fiske krepsearten krill i Antarktis og ein fabrikk for vidareforedling i Giske kommune.

For å gjere det trengst pengar, og tidleg i år hadde Kitin-konsernet investorar på handa som ville vere med. Men då Russland starta krigen i Ukraina skaut prisane på stål og anna som trengst for å bygge eit skip i veret. Det vart både dyrare enn planlagt og også uråd å garantere kva bygginga til slutt ville koste.

- Vi måtte sette på bremsene, seier Molnes.

Er i gang att
No er arbeidet med å hente kapital i gang att, mellom anna inn mot investorane Kitin-konsernet snakka med tidleg i vinter, seier Molnes.

Han eig selskapet saman med Ragnar Ueland, Nils Kåre Gjøsund og Morten Bergersen. (Eigarskapen er organisert gjennom to eigarselskap.)

Då NETT NO skreiv om krillplanen i september 2021 skreiv vi at emisjonen truleg skulle bli på 1,5 milliardar kroner.

Den planen er endra, fortel Molnes. I staden for å hente inn heile beløpet i ei kapitalutviding er selskapet si vurdering at det er betre å gjennomføre fleire, mindre kapitalutvidingar. Rekkefølgja og storleiken på dei ulike investeringane vil også bli avgjort i samråd med investorane som kjem inn.

Permitterte
Status i dag er at kapitalutvidinga blei utsett, at dei fleste tilsette var permittert i fjor, at det er tilført kapital frå investorar som har finansiert drift i 2021 og første halvår i år, men "for å sikre videre utvikling må ytterligere kapital tilføres", heiter dei i årsmeldinga for 2021. Årsmeldinga er datert til 24 august 2022.

Styret arbeider med ei kapitalutviding og "har en positiv forventning om å få det på plass i løpet av høsten 2022.", heiter det i årsmeldinga.

Ifølgje årsmeldinga skuldast utsettinga av kapitalinnhentinga konsekvensane koronapandemien har hatt i kapitalmarknaden og sjansen til å møte investorar.

Ny metode
Kitin Antarktisk fekk konsesjon til krillfiske i Antarktis i 2019, eit fiske som både Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Biomarine og Stig Remøy-dominerte Rimfrost-konsern allereie er inne i.

Kitin Antarktisk er eit datterselskap i Kitin-konsernet og skal eige og drive krilltrålaren.

Den opphavlege planen til Kitin var å signere byggekontrakt på ein 140 meter lang krilltrålar i fjor haust. I andre eller tredje kvartal i 2024 skulle skipet starte fiske, og i mellomtida skulle det byggast eit pilotanlegg for produksjonen på land.

Ideen til Kitin er å konserveres krillen med kaldpressing der vatnet blir fjerna ombord, før råstoffet blir pakka og fryst i blokker som blir lasta over i fraktefartøy og sendt til Sunnmøre for vidare bearbeiding.

Publisert: 02.09.2022 11:26

Sist oppdatert: 02.09.2022 14:20

Mer om