Stig Remøy krillfartøy montasje
MILLIARDFARTØY: Den nye krilltrålaren Rimfrost-konsernet, med Stig Remøy (innfelt) i spissen kostar over ein milliard kroner. Montasje: Rimfrost, Kjetil Haanes
Nytt

Krillbåt i fiske våren 2023

Den nye krilltrålaren til Rimfrostkonsernet skal vere i fiske våren 2023. Førebels sel selskapet frå varelageret.

08.08.2022

Dei siste åra har Rimfrost Holding-konsernet vore eit krillselskap utan eigen båt, og inntektene har kome får sal av krillprodukt frå lager.

I 2020 auka Rimfrost-konsernet salet og fekk solid overskot (sjå tabell), men i fjor krympa salet, og no ventar selskapet på at den nye krilltrålaren som er under bygging skal bli klar.

Då kan Rimfrost-konsernet på nytt drive fiske igjen.

Det er forventa at båten vil vere i fiske tidleg vår 2023, skriv Stig Remøy i ei tekstmelding til NETT NO. Han er dagleg leiar og største aksjonær gjennom sitt investeringsselskap SRR Invest.

Milliardfartøy
I 2020 offentleggjorde Rimfrost-konsernet ein avtale med Westcon om å bygge ein ny krilltrålar til over ein milliard kroner.

Den skulle vere klar til bruk i 2022, i følgje pressemeldinga som vart sendt ut. I årsmelding for 2021 skriv Rimfrost Holding no at forventa levering av fartøyet er ved årskiftet 2022/2023.

Vann over Aker Biomarine
Hausten 2020 sette Høgsterett punktum for ein årelang strid mellom Rimfrost-konsernet og konkurrenten Aker Biomarine, med Rimfrost som sigrande part.

Striden handla om retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.

Aker Biomarine meinte retten til produksjonsteknoligen følgde Emerald Fisheries, men det var ikkje retten samd i. Retten låg i eit Rimfrostselskap og med den dommen hadde Remøy grunnlaget på plass for å kunne investere i eit nytt krillfartøy.

Rimfrost Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt151,0286,5
Driftsresultat-1,0104,4
Resultat før skatt-5,4102,1

Publisert: 08.08.2022 14:30

Sist oppdatert: 08.08.2022 16:26

Mer om