Brann
EGGESBØNES: Finn Ulvund, brannsjef i Herøy, på taket av den nye brannstasjonen på Eggebønes der det ligg 450 kvadratmeter solcellepanel. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Monterte solcellepanel på brannstasjonen

Entreprenøren pressa på for satsinga. Kommunen angrar ikkje på det i dag.

18.05.2022

- Eg trur ikkje solcellepanel ville vore aktuelt i dette byggeprosjektet utan innspel frå entreprenør. Men etter kvart som det har blitt meir fokus på berekraft, og klimaomstillingar og klimatilpassingar i aukande grad har blitt eit tema, så er solcellepanel blant det som vi vil vere meir merksam på i framtidige prosjekt.

Det seier kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune, Ane Malene Søvik Nygård.

I ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune vert det vist til at på taket av den nye brannstasjonen i Herøy er det montert 450 kvadratmeter solcellepanel.

- Må bli utfordra
Søvik Nygårdseier at ho håper at kommunen i større grad enn før blir utfordra i komande prosjekt.

- Kommunane har ganske store investeringsbudsjett, og i det ligg det store forventningar til oss. Men vi har ikkje nødvendige ressursar og kompetanse på klimatiltak, og då er vi i større grad nøydde til å bli utfordra av dei vi skal kjøpe tenester ifrå, om korleis vi skal løyse oppgåvene.

- Det eine er miljøkrava, men det å bli utfordra på nye måtar å løyse oppgåver på, er vel så viktig, seier kommunalsjefen.

Ny klimaplan
Ho opplyser at kommunen er i ferd med å ferdigstille ein klimaplan, som er litt ulik klimaplanane kommunen har laga tidlegare.

- Vi har opplevd at planane i for stor grad er matematiske reknestykke. Men til sjuande og sist handlar det om forbruk og haldningsendring; å vere ein bevisst forbrukar og ein bevisst bestillar av produkt. Då vil ein bidra til å endre haldningar.

- Vi ser at i det store reknestykket som gjeld lokalsamfunnet vårt, så er utsleppa som kommunen står for forsvinnande små. Det er på energisida vi har føresetnad for å gjere ein forskjell.

Til sjuande og sist handlar det om forbruk og haldningsendring
Ane Malene Søvik Nygård

Meir bevisste
Ho seier at Herøy kommune er blitt meir bevisst berekraft i nye prosjekt.

- Vi ser at ventilasjon i gamal bygningsmasse har mykje å seie for varmegjenvinning og kor mykje ein får ut av kvar kilowattime. Med klimaendringane må klimaanlegg kunne kjøle ned, ikkje berre ha oppvarming. Og vi ser potensial i avfallshandteringa i nye prosjekt, som kan løysast på andre måtar enn i dag.

Då Nye Herøy brannstasjon stod ferdig våren 2021, var delar av taket dekt av til saman 264 solcellepanel, som kvar har ein effekt på 320 watt.

- Vi ser frå oversikta frå desember at straumforbruket var på 90.000 kWh, og solcellepanelet hadde produsert 53.000 kWh. Det er ei investering som ber seg på kort sikt fordi kraftprisane er så høge, seier Nygård.

Publisert: 18.05.2022 15:14

Sist oppdatert: 18.05.2022 15:21

Mer om