(NPK): – Vi har representantar i Shanghai denne veka. Dei jobbar både med produksjon og ekspandering til nye marknader, seier gründer Simen Staalnacke til Dagens Næringsliv.
I tillegg til Moods of Norway er også dei norske klesmerka Mole – Little Norway, Norwegian Rain, Henderson Cashmere, F5 og Tom Wood med på det nordiske moteseminaret som blir halde i samarbeid med Innovasjon Noreg og det norske konsulatet i Shanghai.
Finansavisen skreiv laurdag at Moods of Norway for første gong på 12 år taper pengar. Sjølv om overskotet har falle kraftig dei siste åra, vil ikkje gründerane kommentere kva konsekvensane kan bli.
– Vi jobbar med å utvikle ein ny strategi for selskapet. Han er snart klar. Eg synest ikkje det er rett å kommentere enkeltpunkt før dette arbeidet er avslutta, seier Staalnacke til Dagens Næringsliv.
I tillegg til Moods of Norway er også dei norske klesmerka Mole – Little Norway, Norwegian Rain, Henderson Cashmere, F5 og Tom Wood med på det nordiske moteseminaret som blir halde i samarbeid med Innovasjon Noreg og det norske konsulatet i Shanghai.
Taper pengar
Seminaret har som mål å gi designarane ei innføring i korleis dei skal gjere handel i Kina og knyte kontaktar.Finansavisen skreiv laurdag at Moods of Norway for første gong på 12 år taper pengar. Sjølv om overskotet har falle kraftig dei siste åra, vil ikkje gründerane kommentere kva konsekvensane kan bli.
– Vi jobbar med å utvikle ein ny strategi for selskapet. Han er snart klar. Eg synest ikkje det er rett å kommentere enkeltpunkt før dette arbeidet er avslutta, seier Staalnacke til Dagens Næringsliv.
Publisert: 11.11.2014 11:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38