Oppdrettsgiganten Mowi oppnådde eit operasjonelt driftsresultat på 166 millionar euro i fjerde kvartal 2019, samanlikna med 213 millionar euro i same kvartal, skriv selskapet i ei børsmelding onsdag.
For året samla sett oppnådde Mowi ei rekordhøg omsetning på 4 135 millionar euro og eit operasjonelt driftsresultat på 721 millionar euro.
– 2019 var eit nytt godt år finansielt for Mowi. Rekordhøge volum i alle forretningsområde, gode lakseprisar og relativt stabile kostnader resulterte i god inntening og høge dividend. Eg er veldig stolt av innsatsen frå mine 15 000 kollegaer som har bidratt til dei gode resultata, seier konsernsjef Ivan Vindheim i børsmeldinga.
Medan Mowi-konsernet melder om rekordar i slaktevolum og gode resultat slit selskapet meir i Region midt, som dekker heile området frå Sogn i sør til Osen i Trøndelag i nord.
Her var det i fjerde kvartal store reduksjonar både i slaktevolum, driftsresultat og resultat per kilo produsert laks.
Slaktevolumet enda på 27 330 tonn, mot 34 811 tonn året før.
Snittprisen per kilo var i kvartalet på 1,61 euro i Midt-Noreg, mot 2,47 euro i fjerde kvartal året før.
For Mowi i Norge totalt sett låg snittet på 2,12 euro per kilo.
Grunnen til den tidlege slaktinga var biologiske utfordringar, blant anna knytt til lakselus og hjartesjukdom, sjølv om Mowi opplyser at andelen lakselus ikkje var større i fjerde kvartal 2019 enn året før.
Totalt var det i tillegg dødelegheit for 2,9 millionar euro i kvartalet, som var mindre enn same kvartal året før.
For året samla sett oppnådde Mowi ei rekordhøg omsetning på 4 135 millionar euro og eit operasjonelt driftsresultat på 721 millionar euro.
Rekordhøge volum
Totalt slakta selskapet 436 000 tonn i fjor, og 116 000 tonn i fjerde kvartal, sammanlikna med 375 000 tonn for 2018 og 106 000 i same kvartal.– 2019 var eit nytt godt år finansielt for Mowi. Rekordhøge volum i alle forretningsområde, gode lakseprisar og relativt stabile kostnader resulterte i god inntening og høge dividend. Eg er veldig stolt av innsatsen frå mine 15 000 kollegaer som har bidratt til dei gode resultata, seier konsernsjef Ivan Vindheim i børsmeldinga.
Medan Mowi-konsernet melder om rekordar i slaktevolum og gode resultat slit selskapet meir i Region midt, som dekker heile området frå Sogn i sør til Osen i Trøndelag i nord.
Her var det i fjerde kvartal store reduksjonar både i slaktevolum, driftsresultat og resultat per kilo produsert laks.
Reduserte volum til reduserte prisar
Operasjonalt driftsresultat for denne delen av Mowi enda i fjerde kvartal på 44,0 millionar euro, mot 85,9 millionar euro i same kvartal året før.Slaktevolumet enda på 27 330 tonn, mot 34 811 tonn året før.
Snittprisen per kilo var i kvartalet på 1,61 euro i Midt-Noreg, mot 2,47 euro i fjerde kvartal året før.
For Mowi i Norge totalt sett låg snittet på 2,12 euro per kilo.
Måtte slakte tidleg
I kvartalsrapporten skriv Mowi at mykje av grunnen til svikten i Region midt er at 60 prosent av laksen måtte slaktast i oktober, då prisen var lav.Grunnen til den tidlege slaktinga var biologiske utfordringar, blant anna knytt til lakselus og hjartesjukdom, sjølv om Mowi opplyser at andelen lakselus ikkje var større i fjerde kvartal 2019 enn året før.
Totalt var det i tillegg dødelegheit for 2,9 millionar euro i kvartalet, som var mindre enn same kvartal året før.
Publisert: 12.02.2020 13:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52






