Kristin Hide Myklebust Verft foto Myklebust Verft
KONTRAKT: Kristin Hide har signert sin første nybyggingskontrakt etter at ho overtok som Myklebust Verft-sjef i august i år. Saman med ho på biletet er reiar James Duthie frå Sunbeam Fishing Limited. Foto: Myklebust Verft
Nytt

Myklebust Verft med ny kontrakt

Skal bygge trålar for skotsk selskap.

04.10.2023

Det er det skotske fiskebåtereiarlaget Sunbeam Fishing Limited som bestiller den pelagiske trålaren.

Fartøyet skal leverast i årskiftet 2025/2026. Salt Ship Design har teikna fartøyet.

Skroget kjem til Myklebust Verft 2. eller 3. kvartal 2025. Skrogverft er ikkje endeleg avklart enno, ifølgje dagleg leiar Kristin Hide.

Lokale leverandørar
- Dette er svært gledeleg for alle oss på Myklebust. Vi har sett fram til å få eit nybygg inn i vår portefølje av prosjekt, og dette vil gi oss ein større stabilitet på ordresida. I prosjektet har vi med oss ei rekke lokale leverandørar av både utstyr og tenester frå den maritime klynga. Fartøystypen er innanfor eit segment som Myklebust har lang erfaring med, og vi ser verkeleg frem til å kome i gang med oppgåva for fullt, seier dagleg leiar Kristin Hide i Myklebust Verft i ei pressemelding.

Pressemeldinga opplyser ikkje storleiken på kontrakten.

Hide tok over som sjef for Myklebust Verft i august i år.

Hennar vurdering er at verftet si erfaring og omdømme var avgjerande for at verftet vann kontrakten, saman med at mellom anna gunstig valutkurs gjer verftet attraktivt.

Meir konkurransedyktig
Fartøyet skal bli 73 meter langt og 15,6 meter breitt, ifølgje Salt Ship Design.

Avtalen mellom Myklebust Verft og Sunbeam Fishing Limited er den andre kontrakten mellom eit norske verft og eit utanlandske fiskebåtreiarlag som er offentelggjort på kort tid.

Westcon skal bygge eit 75 meter langt pelagisk fiskefartøy for partnarane MV Quantus Ltd og Peter & J. Johnstone Ltd offentlegjorde Westcon 25.august i år. Også den er teikna av Salt Ship Desing.

- Vi ser at norske verft er meir konkurransedyktige enn dei har vore dei siste åra, seier dagleg leiar Andreas Siglen i Salt Ship Design.

Presse 2 1
NYBYGG: Den pelagiske trålaren skal overleverast frå Myklebust Verft ved årsskiftet 2025/2026. Illustrasjon: Myklebust Verft/Salt Ship Design

Publisert: 04.10.2023 12:27

Sist oppdatert: 04.10.2023 13:44

Mer om