Myklebust Verft flere fartøy MS Kong Harald Foto Myklebust Verft 11
OMBYGGING: Ombygging av hurtigruteskipet Kong Harald er mellom oppdraga som ga overskot for Myklebust-verftet i fjor. Foto: Myklebust Verft
Nytt

Rekordoverskot og inntektsauke for Myklebust

Sande-verftet auka inntektene med meir enn 400 millionar kroner i fjor.

Marius Rosbach
25.05.2023

Myklebust Verft i Sande har lagt bak seg eit svær godt år der dei har snudd minus til pluss.

Etter at det vart raude tal i 2021 enda rekneskapen med eit resultatet før skatt enda på 105 millionar kroner, opplyser verftet i ei pressemelding.

Overskotet er det største for verftet nokon gong.

- Vi veljar å sjå dei to siste åra i samanheng. Etter eit tøft år i 2021 er det svært gledeleg og viktig for Myklebust at ein lukkast å levere eit godt resultat i 2022. Betre prosjektgjennomføring, systereffekt og ikkje minst stor innsats frå våre tilsette er viktige element som har gitt resultatforbetring gjennom fjoråret, uttaler konstituert dagleg leiar Leiv Sindre Muren i meldinga.

Kraftig hopp i inntektene
Omsetninga til verftet auka også kraftig samanlikna med året før. Inntekter på 1.284 millionar, er ei auke på meir enn 400 millionar, og utgjer eit inntektshopp på nær 50 prosent frå 2021 for verftet.

Totalt hadde verftet 22 større og mindre prosjekt i løpet av fjoråret.

Det er mellom anna gjennomført og sluttført to nybyggingsprosjekt og to større ombyggingar i kombinasjon med annan ettermarknadsaktivitet.

- Vi hadde gjennom fjoråret høg aktivitet og opp mot 700 personar inne på verftet i dei mest hektiske periodane. Vi har utnytta kapasiteten godt og vi er fornøgd med at vi denne perioden også har fått gjort reperasjonar og vedlikehald til nye og trufaste kundar som vender tilbake, seier Muren.

(saka held fram under)

Myklebust Verft (konsern)



Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
1 283,6
854,1
Driftsresultat
104,6
-92,9
Resultat før skatt
105,2
-85,3

Rolegare periode framover
Aktivitetsnivået frå 2022 har verftet tatt med seg inn i 2023.

I april gjennomførte verftet dåp og ope skip for ein brønnbåt til Sølvtrans-reiarlaget og i mai leverte dei tilbake Hurtigruteskipet Kong Harald ei omfattande ombyggingsoppdrag.

- Myklebust ligg an til å levere eit positivt resultat første halvår i 2023, sjølv om vi no går inn i ei rolegare periode. Vi har enkelte oppdrag i den korte marknaden, men vil også ha kapasitet til å ta større og mindre prosjekt framover.

Publisert: 25.05.2023 14:24

Sist oppdatert: 25.05.2023 14:30

Mer om