Leiv Sindre Muren Bodo Myklebust foto Torghatten Nord
BODØ: Myklebust Verft-direktør Leiv Sindre Muren var mellom fleire representantar frå verftet som deltok på signering av kontrakten på hydrogenferjene i Bodø torsdag. Foto: Torghatten Nord
Nytt

Myklebust-sjefen: – Det er no jobben startar

Verft og reiarlag feira signering av prestisjekontrakt.

Marius Rosbach
18.04.2024

Tidleg torsdag vart det gjort offentleg at Myklebust Verft skal bygge dei to nye hydrogenferjene Torghatten Nord skal sette inn på Vestfjorden.

Ein rekke representantar frå verftet tok torsdag turen til Bodø, der reiarlaget har hovudkontor.

Her var det signering av prestisjekontrakten og feiring med gjestar frå mellom anna politisk hald og Statens vegvesen.

– Det var ei fin markering saman med Torghatten Nord, som vi også ser fram til å ha eit godt samarbeid med, fortel administrerande direktør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft til Nett No.

– Det er no jobben startar, legg han til.

Det gir sjølvsagt ein veldig tryggleik å ha ein slik horisont å jobbe mot
Leiv Sindre Muren
Torghatten Hydrogenferje Vestfjorden illustrasjon The Norwegian Ship Design Company
BLIR VERDAS LENGSTE: Dei to hydrogenferjene Torghatten Nord skal sette inn over Vestfjorden, blir bygd ved Myklebust Verft. Illustrasjon: The Norwegian Ship Design Company

Har nok å gjere i to år framover
Verftet har jobba i lengre tid med å sikre seg oppdraget med å bygge dei to hydrogenferjene. Difor var det også nyleg på sin plass med kakefeiring for dei tilsette på verftet i Gursken.

– Det blei veldig godt motteke, og det gir sjølvsagt ein veldig tryggleik å ha ein slik horisont å jobbe mot, seier Muren.

I dag er verftet i underkant av 140 faste tilsette. Med dei to nybygga i ordreboka, har verftet arbeid til alle tilsette – og fleire til - i meir enn to år framover.

Marius Hansen Liev Sindre Muren foto Torghatten nord 11
SAMARBEID: Torghatten Nord-direktør Marius Hansen (t.v.) saman med Myklebust-sjef Leiv Sindre Muren i Bodø torsdag. Framover skal verft og reiarlag samarbeide for å finne løysingar til hydrogenferjene. Foto: Torghatten Nord

Blir verdas lengste hydrogenskip
Det er ikkje berre eit stort oppdrag. Det er også byggeprosjekt som vil skrive maritim industrihistorie her til lands.

Aldri tidlegare er det bygd passasjerfartøy som skal frakte folk over ei så langt strekning, som over Vestfjorden. Dei ligg også an til å bli dei lengste hydrogendrivne skipa i verda når dei står klare i 2026.

Det er The Norwegian Ship Design Company i Førde som har designa ferjene.

Skal finne løysingar for hydrogen saman
Oppdraget med å bygge dei 117 meter lange ferjene, vil med andre ord i stor grad vere nybrottsarbeid.

– Mykje av jobben vil skje i samarbeid med reiarlaget for å finne gode løysingar for hydrogen, seier Muren.

Rogaland-selskapet Seam har fått oppdraget med å levere brenselceller, batteri, kraftelektronikk, kraft- og automasjonssystem og sikkerheitssystem.

Sparebanken Møre og Eksfin er med å sikre lån og garantiar for å realisere byggekontrakten.

Myklebust-verftet har fleire oppdrag i ordreboka - les om dei under:

Publisert: 18.04.2024 15:28

Sist oppdatert: 19.04.2024 01:06

Mer om