Myklebust skal bygge om Island Offshore-skip
Stor jobb for verftet på skip som skal rett i langtidskontrakt.
Myklebust Verft har inngått kontrakt med Island Offshore på ei større ombygging av skipet Island Condor.
Forsyningsskipet skal i løpet av fem månader byggast om til eit konstruksjonsskip, ifølgje ei pressemelding frå verftet.
Samtidig opplyser Ulstein-reiarlaget at skipet har sikra seg ein langtidskontrakt på 4,5 år.
Omfattande ombygging
Island Condor vart bygd ved Vard Brevik, og overlevert til reiarlaget i 2014.
Skipet kjem til Myklebust-verftet i starten av april 2024. I løpet av fem månadar skal fartøyet gjennom ei omfattande ombygging.
Fartøyet skal forlengast i midtseksjonen, få montert offshorekran og helikopterdekk. I tillegg skal det byggast ein ROV-hangar. Skipet får også ei større batteripakke om bord.
Levering i august 2024
Etter levering fra verftet i august 2024, skal skipet rett ut i arbeid. Island Offshore opplyser at dei har sikra seg ein avtale med ein ukjent norsk kunde på 4,5 år.
– Ei fantastisk julegåve til reiarlaget! Vi har jobba særs målretta for å sikre oss lengre oppdrag, og vi er takknemlege for tilliten som kunden viser oss, uttaler administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore Management i meldinga.
Walaunet opplyser til NETT NO at det dreiar seg om eit subsea-oppdrag. Skipet blir rigga for å kunne utføre inspeksjonsarbeid, kranarbeid og liknande, innan både olje og gass og fornybar sektor.
Har jobba på britisk sektor
Island Condor har i lengre tid jobba som «walk-to-work»-fartøy på britisk sektor, men har siste året vore involvert i norske prosjekt. Walaunet påpeiker at dei har god erfaring med å tilpasse skip til nye segment.
– At eit av forsyningsskipa våre no vert bygd om for anna verksemd er eit resultat av satsingsvilje, nytenking og drivande dyktige tilsette i organisasjonen, uttaler han.
Flåten til Island Offshore tel no 21 båtar i operasjon, og dei fleste av båtane er sikra godt med arbeid inn i 2024 og vidare, ifølgje meldinga.
Publisert: 21.12.2023 13:53
Sist oppdatert: 21.12.2023 21:04