Torghatten Hydrogenferje Vestfjorden illustrasjon The Norwegian Ship Design Company
BLIR VERDAS LENGSTE: Dei to hydrogenferjene Torghatten Nord skal sette inn over Vestfjorden, blir bygd ved Myklebust Verft.
Nytt

Myklebust bygger verdas lengste hydrogenferjer

– Blir spanande å levere noko ingen har gjort før oss, seier verftssjefen.

Marius Rosbach
18.04.2024

Myklebust Verft skal bygge to hydrogenferjer for Torghatten Nord, som skal trafikkere Vestfjorden mellom Bodø og Lofoten/Røst.

Nett No melde i februar at Sande-verftet var sikra kontrakten, som torsdag vart gjort offentleg i ei pressemelding frå reiarlaget.

Sikrar fleire tilsette
Ferjene som skal frakte opptil 120 bilar, blir 117 meter lange – og blir verdas lengste hydrogenfartøy. Begge skal leverast i løpet av 2026.

– Det blir spanande å levere noko ingen har gjort før oss, seier administrerande direktør Leiv Sindre Muren ved Myklebust Verft i meldinga.

Han fortel at han er svært nøgd med å ha kome i mål med avtalen. Kontrakten inneberer fleire tilsette og høg aktivitet ved verftet framover.

Myklebust innfelt leiv sindre muren foto myklebust verft 11
NY VERFTSDIREKTØR: Leiv Sindre Muren tok over leiinga av verftet i Gursken i vinter. Foto: Myklebust Verft

Designa av Førde-selskap
Ferjestrekninga er den lengste i Norge og fartøya skal bunkre med hydrogen produsert i Bodø. Ifølgje kontrakten med Statens vegvesen, skal 85 prosent av energien kome frå grønt hydrogen.

Passasjertrafikk med hydrogenfartøy på slike avstandar er ikkje gjort tidlegare. Det er The Norwegian Ship Design Company i Førde som har designa ferjene.

Det er mellom anna gjort omfattande modellforsøk av nytt skrogdesign for å sikre lavt energiforbruk og god rulledemping i tøffe havområde som Ytre Vestfjorden.

Rogaland-selskapet Seam har fått oppdraget med å levere brenselceller, batteri, kraftelektronikk, kraft- og automasjonssystem og sikkerheitssystem.

«Viktig avtale for norsk maritim næring»
Oppdraget med å bygge dei to hydrogenferjene er ei fjør i hatten for verftet i Gursken. Fleire i den maritime industrien har frykta at kontrakten skulle gå til eit verft i utlandet.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård er nøgd med at oppdraget med å bygge hydrogenferjene går til eit norsk verft. I pressemeldinga gratulerer han Myklebust og reiarlaget, med det han omtalar som «ein viktig avtale for norsk maritim næring».

– Hos Myklebust fann vi eit miljø med høg kompetanse til en berekraftig pris. Eg er stolt av at vi får det til i Norge, fordi dette er eit stort løft for det norske teknologi- og verftsmiljøet, uttaler Torghatten Nord-sjef Marius Hansen.

Publisert: 18.04.2024 08:30

Sist oppdatert: 18.04.2024 09:36

Mer om