Rem Ocean myklebust illustrasjon skipsteknisk
REKORDSKIP: Det 117 meter lange skipet Rem Offshore skal bygge ved Myklebust-verftet utgjør den største kontrakta til verftet nokon gong. Skipsteknisk i Ålesund har designa skipet. Illustrasjon: Skipsteknisk
Nytt

Rem skal bygge rekordskip på Myklebust

Rekordkontrakter for både verft og reiarlag. Nytt offshorefartøy er sikra arbeid i mange år.

Marius Rosbach
21.11.2024

Myklebust Verft skal bygge nok eit skip for Rem Offshore-reiarlaget i Herøy. 

Dette er den største enkeltkontrakten til Sande-verftet nokon gong, opplyser verftet i ei pressemelding. 

Skipet er eit sokalla IMR-fartøy (inspection, maintenance and repair, journ. anm.) og kan mellom anna utføre undervassoperasjonar for offshorebransjen. 

Fartøyet som vil få namnet «Rem Ocean», skal leverast i siste halvdel av 2027. 

Rekordavtale med Equinor 
Det nye skipet er sikra arbeid gjennom ein langsiktig avtale mellom Rem Offshore og Deepocean, som inkluderer ein vedlikehaldsavtale for Equinor på åtte år. 

Avtalen er den mest verdifulle som reiarlaget har inngått nokon gong, og gjer at dei doblar ordrereserven, opplyser reiarlaget i ei pressemelding.

– Den gjer at vi aukar ordrereserven vår til nærare seks milliardar kroner, seier Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen i meldinga. 

Bygger på Skipsteknisk-design
Det nye skipet har eit tilpassa Skipsteknisk sitt ST-245 design, som verftet allereie har under bygging for Rem Offshore.

– Dette prosjektet dreg nytte av vår erfaring med bygging og konvertering av denne type tonnasje og involvera i tillegg til eigen kompetanse, ei rekkje dyktige leverandørar i nærområdet, uttaler Myklebust Verft-sjef Leiv Sindre Muren i meldinga. 

Skipet blir utrusta med stor hangar for avanserte djupvassoperasjonar gjennom ein «moonpol». I tillegg vil skipet være utstyrt med ei 250 tonns kran og sokalla «dual fuel methanol»-motorar i kombinasjon med batteripakkar. 

Verftet opplyser at det står att nokre detaljar før avtalen med reiarlaget er effektiv, mellom anna opsjon på eit skip til.

Har jobba i lengre tid for å sikre oppdraget
Reiarlaget har jobba i lengre tid jobba saman med subseaselskapet Deepocean for å sikre seg det prestisjefylte oppdraget for Equinor. 

Skipet skal utføre undervassoperasjonar som inspeksjon, vedlikehald og reparasjon.

 «Chief operating officer i Deepocean, Ottar Kringen Mæland, omtaler nybygget som «neste generasjons subseaskip», og ser fram til å sette fartøyet i arbeid. 

Lars Conradi Andersen Åge Remøy foto marius
FLEIRE NYBYGG: Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen saman med eigar Åge Remøy under ein tidlegare skipsdåp i Ålesund. Snart blir det fleire skip som skal døypast. Foto: Marius Rosbach

 

Fleire skip under bygging
I ei melding tidleg i sommar fortalde reiarlaget at dei hadde hatt ein god start på 2024, etter å ha leverte det sterkaste årsresultatet på fleire år.

Per i dag har reiarlaget 13 PSV-ar, to subseaskip og eitt seismikkskip, i tillegg til tre skipa til vindkraftindustrien.

Rem Offshore har også heile tre skip under bygging - to ved Myklebust Verft og eitt hos Vard. 

Publisert: 21.11.2024 08:11

Sist oppdatert: 21.11.2024 10:29

Mer om