Eid Elektro Tore Hjelle innfelt foto Eid Elektro
STOR PÅ ELEKTROTAVLER: Eid Elektro på Nordfjordeid har hatt ein nesten samanhengande vekst sidan starten og har i dag 86 tilsette. Tore Hjelle (innfelt) er dagleg leiar og største aksjonær. Foto: Eid Elektro
Nytt

Utanlandske kjøparar i kø

På ei veke fekk Eid Elektro fire forespørslar frå utlendingar som ville kjøpe. Blir tema i Stortingets spørretime.

05.05.2023

Interessa frå utanlandske investorar skaut fart i fjor haust, etter skatteauken regjeringa fekk gjennomslag for i Stortinget, mellom anna auka utbytte- og formuesskatt.

Etterpå har straumen av forespørslar berre auka på, og den førebelse toppen i år er fire forespørslar på ei veke, seier Tore Hjelle til NETT NO. Han er dagleg leiar og største eigar i Eid Elektro på Nordfjordeid.

Til nettavisa Elektro24/7, som skreiv om saka først, seier Tore Hjelle at skattlegginga av norsk eigarskap har gått kraftig opp dei siste åra, og at det per i dag er betydeleg meir attraktivt å eige ein norsk bedrift for ein utanlandsk eigar enn for ein norsk.

Til spørretimen
Hjelle meiner norsk eigarskap er under press på grunn av det han kallar ein feilslått norsk skattepolitikk. Store deler av norsk elektrobransje er i ferd med å bli seld til utlandet, seier han til Elektro24/7.

Sambygding og Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) tek Hjelle si bekymring til Stortinget.

"Er statsråden einig i at nedbygging av norsk eigarskap er ein skade som ikkje kan reverserast og at skattepolitikken overfor norske bedriftseigarar må endrast før det er for seint?" er spørsmålet han stiller til næringsminister Jan Christian Vestre i Stortingets spørretime.

Rekordår
Fjoråret vart eit nytt rekordår for Eid Elektro på Nordfjordeid. Selskapet omsette for 162,8 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på solide 16,0 millionar. Begge deler er nye rekordar for eit selskap som i 2016 første gong passerte 100 millionar kroner i driftsinntekter.

Selskapet har 86 tilsette. Det er ein av dei leiande leverandørane av elektrotavler i den norske marknaden.

Det store prosjektet framover er knytt til Lefdal Mine Datacenter, der Eid Elektro vann kontrakten på å levere dei elektriske tavlene i datasenteret. Prosjektet siktar på å digitalisere den elektriske infrastrukturen mykje tidlegare i drifta enn det som er vanleg. Fullverdig digitalisering av tavlene er noko som er nytt i marknaden og ein av hovudårsakene til at Eid Elektro er med i dette innovasjonsprosjektet, eit prosjekt som er støtta med fem millionar kroner av Innovasjon Norge.

Publisert: 05.05.2023 10:40

Sist oppdatert: 05.05.2023 21:46