Stig Remoy juli 2024 foto marius
STRID OM KRILLSKIP: Striden mellom Stig Remøy-selskapet Rimfrost og byggeverftet Westcon er venta å hamne i rettsapparatet. Byggeverftet skulle etter planen levert Herøy-reiarlaget sitt nye flaggskip for fleire år sidan. I staden enda det heile med kansellering av kontrakten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Måtte punge ut tresifra millionbeløp til Westcon

Rimfrost meiner krav frå byggeverftet er feil – og førebur søksmål.

Marius Rosbach
22.12.2025

Rimfrost-reiarlaget har betalt 128,6 millionar kroner til Westcon-verftet som følgje av eit garantikrav i samband med det omstridde byggeoppdraget for eit krillskip. 

Det kjem fram i dei ferske rekneskapane til fleire Rimfrost-selskap. 

Beløpet er utbetalt som følgje av at kontrakten er kansellert. I notane til rekneskapen for Rimfrost Antarctic AS skriv styret at beløpet er betalt under protest og at dei ikkje meiner det er grunnlagt for kravet. 

Det blir også teke forbehald om at summen vil bli søkt tilbakebetalt, og beløpet er difor ikkje rekneskapsført, blir det opplyst. 

Hamna i hendene til konkurrenten
Den 120 meter lange fabrikktrålaren blei sjøsett ved Tersan-verftet i Tyrkia allereie i 2021, og skulle etterpå planen bli utrusta ved Westcon-verftet.

Slik gjekk det ikkje, og i staden rauk Rimfrost og verftet uklare. 

Samtidig som partane i lengre tid har førebudd ein voldgiftprosess i rettssystemet, hamna krillskipet i hendene på konkurrenten Aker Qrill Company – som held på å bygge om skipet

Førebur større erstatningskrav 
I Rimfrost-rekneskapen blir det opplyst at reiarlaget med base i Herøy har bokført eit tap på nær 109 millionar kroner i samband med den kansellerte kontrakten med Westcon. 

«Tapsbeløpet vil inngå som en del av et større erstatningskrav mot Westcon», heter det i årsmeldinga. Eit erstatningsbeløp er ikkje balanseført i rekneskapen. 

Det høyrer med til historia at Rimfrost i eit brev til DNB nyleg har varsla eit søksmål også mot storbanken. Bakgrunnen er at dei meiner banken er skuld i at konkurrenten fekk hand om krillskipet. 

Auka inntekter - og underskot
Rimfrost har ikkje hatt fartøy på krillfiske på fleire år – men har framleis eit opparbeidd varelager som gir inntekter. 

Etter at 2023 vart dårlegare enn venta, gjorde omsetninga eit hopp i fjor. Driftsinntektene enda på 141 millionar – om lag ei dobling frå året før. 

Samtidig auka underskotet samanlikna med året før. Resultatet før skatt enda på nær 41 millionar kroner i minus. 

Rimfrost As  
I mill. kroner20242023
Driftsinntekt141,269,9
Driftsresultat-48,9-26,1
Resultat før skatt-40,8-23

Publisert: 22.12.2025 12:59

Sist oppdatert: 22.12.2025 17:17

Mer om