Fleire tidlegare tilsette i bemanningsselskapet Submet på Vatn måte vente svært lenge før dei fekk utbetalt lønna dei hadde krav på etter konkursen hausten 2022.
Selskapet melde oppbod i september det året. Først no nyleg kunne bustyrar Anders Svinø avslutte arbeidet etter at lønnsgarantiordninga til Nav hadde behandla alle dei 55 lønnskrava ferdig.
Den lange saksbehandlingstida blir omtala i sluttrapporten frå bustyraren til Møre og Romsdal tingrett.
Nett No omtala nyleg at saksbehandlingstida for lønnskrav hos Nav er oppe i 15 månader.
Svinø fortel til Nett No at ikkje all ventetida i saka skuldast Nav. Mellom anna tok det fleire månader før buet fekk nok dokumentasjon frå rekneskapsførar og spesielt eitt krav tok lang tid.
Utfordrande kommunikasjon
Det blir også peika på at arbeidet med lønnskrava har vore tid- og ressurskrevjande.
Svinø fortel at det generelt er utfordrande å kommunisere når dei tilsette ikkje beherskar norsk, og må ha hjelp frå andre til det. Eller at dei berre beherskar dårleg engelsk.
– Det blir mykje «fram og tilbake», og mykje tid på forklaringar, oppretting av misforståingar og innhenting av informasjon, fortel han.
Bustyraren kjenner ikkje til konkrete negative konsekvensar for dei tilsette, «utover at det naturligvis er trasig å måtte vente lenge på uteblitt lønn», opplyser han.
Berre smular att til kreditorane
Submet hadde adresse på Vatne Industripark og hadde 56 tilsette då det vart kroken på døra. Bakgrunnen var manglande oppdrag i skipsindustrien og entreprenørbransjen.
Konkursen var mellom dei største i regionen det året, både målt etter talet på tilsette som blei råka, og omsetninga på selskapet.
I sluttrapporten frå bustyrar kjem det fram at dei samla krava kom opp i drygt 7,6 millionar kroner. Berre smular blei att til prioriterte kreditorar som fekk knappe 4,3 prosents dekning.
Det er ikkje avdekka straffbare forhold, eller andre ting som tilseier at bustyraren vil anbefale konkurskarantene i saka.
Publisert: 27.11.2024 14:39
Sist oppdatert: 27.11.2024 16:36