rettssal illustrasjon foto marius 11
ÅLESUND: Onsdag opna tingretten i Ålesund konkurs i firmaet som blei starta i 2016. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Bemanningsfirma med 56 tilsette konkurs

Kroken på døra for Vatne-bedrift etter manglande oppdrag i skipsindustrien og entreprenørbransjen.

Marius Rosbach
07.09.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Submet, etter at leiinga melde oppbod.

Firmaet med adresse på Vatne Industripark hadde 56 tilsette som var permitterte, opplyser bustyrar Anders Svinø til NETT NO.

Gjelda skal vere på kring to millionar. Utover noko kontantar på konto, kjenner ikkje bustyraren til større verdiar i i selskapet. Første skiftesamling er 17. oktober.

Viser til koronapandemien
Submet har leverte arbeidskraft til skipsindustrien og entreprenørbransjen. Etter at eigenkapital var tapt ved utgangen av 2020, omtalte leiinga situasjonen i årsrapporten.

– Årsaka til selskapets underskot i 2020, tilskrivast i hovudsak sviktande inntekter i forhold til periodar med full stans i entreprenørverksemda, samt auka kostnader på grunn av koronasituasjonen i 2020, heiter det der.

På det tidspunktet hadde leiinga tru på vidare drift ved å ha færre tilsette, og justere forpliktingane sine.

Sidan då har selskapet kun levert arbeidskraft til skipsindustrien, og byggeoppdrag er skilt ut i selskapet Submet Entreprenør med adresse i Oslo.

Stort underskot i siste rekneskap
Rekneskapa viser korleis det konkursråka Vatne-firmaet har møtt motgang i verksemda med utleige av arbeidarar dei siste åra.

Etter stor vekst i omsetninga i åra 2017-2019, og ei omsetning på 88 millionar sistnemnte år – blei den meir enn halvert året etter. 2020 enda med ei omsetning på knappe 36 millionar – og eit underskot på meir enn fem millionar kroner.

NETT NO har ikkje oppnådd kontakt med styreleiar og dagleg leiar.

Publisert: 07.09.2022 18:10

Sist oppdatert: 07.09.2022 18:47