Måtte vente åtte månader på lønn
Arbeidarane i ein av dei største konkursane i regionen dei siste åra, måtte vente lenge på betaling.
Dei tilsette i det konkursråka selskapet Etprofessional fekk
tidlegare i sommar utbetalingane frå lønnsgarantiordninga til Nav.
Då hadde dei polske arbeidarane venta i kring åtte månader på pengane for arbeidet dei utførte før bemanningsselskapet gjekk konkurs i fjor haust.
- Eg har forståing for at åtte månader kan vere lenge å vente, seier avdelingsdirektør Kristin Wist i Nav Arbeid og ytelser Kristiania til NETT NO via kommunikasjonsavdelinga.
Samtidig påpeiker ho at det er mogleg å søke om forskot, som blir betalt ut som dagpengar medan ein ventar på at midlane frå lønnsgarantiordninga.
Eg har forståing for at åtte månader kan vere lenge å vente
Tap på minst 20 millionar
Bemanningsfirmaet hadde adresse, men ikkje lokaler på Larsnes. Dei
polske arbeidarane utførte snekkar, isolerings- og blekkslagararbeid på
oppdrag for R & M Ship Interior. Arbeidet blei gjort ved Larsnes Mek
Verksted, Fitjar Mekaniske Verksted og Sletta verft i Trøndelag.
NETT NO har tidlegare omtalt verksemda som på kort tid påførte kreditorar tap på meir enn 20 millionar kroner. Målt både etter omfanget av tapa og talet på tilsette, er konkursen mellom dei mest omfattande i regionen dei siste åra.
I 2020 gjekk dei same drivarene konkurs med selskapet D.k.s. Ship Interior. Då Etprofessional gjekk konkurs i fjor, blei det oppretta eit nytt selskap Bestteam med mange av dei same tilsette.
Fleire enn 100 tilsette kontakta
Etprofessional hadde nærare 60 tilsette då verftsleverandøren melde oppbod i fjor. I tillegg er nærare 50 tidlegare tilsette som kunne ha feriepengar og løn til gode, kontakta av bustyrar.
Avdelingsdirektøren i Nav påpeiker at graden av kompleksitet og omfang, påverkar tida det tek å ta seg av utbetalingane.
Bustyrar Jørund Knardal opplyser til NETT NO at han først vart førespegla at sakshandsamingstida ville vere på meir enn eitt år, og at det først var venta utbetalingar mot slutten av 2022.
Kan unntaksvis vente eit heilt år
Ei ventetid på kring eitt år meiner bustyraren er uakseptabelt, og skjer ifølgje Nav berre unntaksvis.
Lønnsgarantisøknadar som ikkje treng noko ekstra kontroll, blir behandla innan to månader. Medan saker som treng grundigare undersøkingar, i hovudsak er avgjort innan ti månader, opplyser avdelingsdirektør Kristin Wist.
Ved utgangen av første halvår hadde Nav 937 saker til behandling i lønnsgarantiordninga. Det er langt mindre enn for eitt år sidan, då 1584 slike saker var i systemet.
Har innstilt på konkurskarantene
Bostyrar Jørund Knardal var kritisk til fleire forhold ved drifta i Etprofessional i sin første rapport til tingretten.
Der
innstilte bustyraren óg på konkurskarantene for innehavar og dagleg
leiar. Førebels er det ikkje oppført noko aktiv karantene hos
Brønnøysundregistera.
Arbeidet med den omfattande konkurssaka nærmar seg ferdig, og bustyraren fortel at dei snart er klare til sende inn ei sluttmelding.
Publisert: 01.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 01.11.2022 13:14