Ulstein verft foto per eide ulstein group 11
ULSTEIN: Den maritime industrien i Møre og Romsdal blei råka av koronapandemien i 2020. Her frå Ulstein Verft i Ulsteinvik. Foto: Per Eide/Ulstein Group
Nytt

Møre og Romsdal fekk den hardaste koronasmellen

Økonomien i fylket fall mest i landet. Minst nedgang hadde Oslo.

23.12.2022

– Fallet i 2020 vart størst i Møre og Romsdal, på 8,2 prosent. Økonomien i Møre og Romsdal blir kjenneteikna av mykje maritim aktivitet, blant dei innan sjøfart og fiske.

Det var også desse næringane, og spesielt sjøfarten, som bidrog til å trekkje ned bruttoproduktet i fylket, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) i ein gjennomgang av det fylkesfordelte Nasjonalregnskapet for 2020.

I Vestland fall bruttoproduktet med 6,2 prosent.

– Næringsstrukturen i Vestland har mange likskapstrekk med Møre og Romsdal. Ved sida av kraftig nedgang i overnatting og servering, helse og lands- og lufttransport, oljeraffineringa og kjemisk industri, stod sjøfarten for store bidrag til nedgangen også i Vestland, skriv SSB.

Det tredje vestlandsfylket, Rogaland, vart noko mildare ramma og hadde eit fall på 4,4 prosent. Mange av dei same forholda trekte ned i Rogaland.

Vitskapleg vekst i Oslo

Oslo og Viken fekk den aller mildaste økonomiske smellen i landet under koronaen i 2020. I Oslo gjekk bruttoproduktet samla sett berre ned med 1,7 prosent.

– Det kjem av at Oslo har store innslag av næringar som kom forholdsvis godt gjennom det første året til pandemien. Vekst i finansnæringa trekte åleine opp bruttoproduktet i Oslo heile 0,8 prosentpoeng, skriv SSB.

Oslo opplevde også ein vekst på 0,7 prosent i fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting i 2020.

– Mest utslagsgivande i Oslo var svært høg aktivitet i koronarelatert forskings- og utviklingsarbeid, skriv SSB.

Ramma kraftig

Viken hadde ein nedgang på 1,9 prosent i bruttoprodukt i 2020. Her trekte finansnæringa opp ein del. Både Viken og fleire av dei andre austlandsfylka opplevde ein vekst i varehandelen sidan grensene til Sverige vart stengt og austlendingar måtte handle meir i Noreg.

Spreiinga av koronaviruset og dei etterfølgjande smitteverntiltaka ramma norsk økonomi kraftig i 2020. Avstandsavgrensingar, påbod om heimekontor reiserestriksjonar, karantenereglar, og dessutan sjølvregulering i befolkninga førte til at mykje økonomisk aktivitet stoppa opp.

BNP Fastlands-Noreg fall 2,8 prosent målt i faste prisar, medan samla BNP inkludert petroleumsverksemd og utanriks sjøfart gjekk ned 1,2 prosent.

Gjennom den fylkesvise rekneskapen kan ein sjå korleis den økonomiske nedgangen fordelte seg på ulike stader i landet.

Varierande koronafall
For resten av fylka var utviklinga som følgjer i bruttoproduktet i 2020:

Troms og Finnmark: – 4,9 prosent

Vestfold og Telemark: – 4,1 prosent

Innlandet: – 3,9 prosent

Nordland: – 3,5 prosent

Trøndelag: – 2,6 prosent

Agder: – 2,0 prosent

Publisert: 23.12.2022 12:29

Sist oppdatert: 23.12.2022 12:46

Mer om