Moere og Romsdal toppar skuleundersoeking
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner under presentasjonen av Pisa-undersøkinga tidlegare i desember. 
Nytt

Møre og Romsdal toppar skuleundersøking

Vidaregåande skular i Hedmark og Møre og Romsdal bidrar mest til at elevane fullfører. Oslo, Hordaland og Vestfold på jumboplass.

12.12.2019
NPK-NTB-Oda Ertesvåg: Det er store forskjellar i bidraget frå vidaregåande skular til resultata for elevane. Skulane i Hedmark og Møre og Romsdal lykkast best med å få elevar til å fullføre.
Den såkalla skulebidragsanalysen frå Utdanningsdirektoratet viser kor mykje den enkelte skulen bidrar til å betre karakterane til elevane, og kor mykje skulane bidrar til at elevane består og hindrar at dei sluttar undervegs.
Undersøkinga, som har sett på resultat frå vidaregåande skular, viser at forskjellane mellom fylke er størst når det gjeld i kva grad dei lykkast med at elevane fullfører og består.
På topp er dei studieførebuande utdanningsprogramma i Hedmark og Møre og Romsdal som bidrar mest til at elevane fullfører, med høvesvis 4,9 og 3,6 prosentpoeng over landsgjennomsnittet.

Oslo, Hordaland og Vestfold på jumboplass

Skulane i Oppland og Akershus bidrar òg positivt til at elevane består med høvesvis 2 og 0,8 prosentpoeng over landsgjennomsnittet.
Medan dei studieførebuande programma i Oslo, Hordaland og Vestfold ligg under snittet med høvesvis –1,8, –1,3 og –1,2 prosentpoeng.
På yrkesfaglege utdanningsprogram er òg desse tre fylka på jumboplass når det gjeld å bidra til å få elevar til å fullføre og bestå.
Også her gjer Hedmark og Møre og Romsdal det best.

Sanner: Fylka må bidra meir

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) seier at undersøkinga viser at det er store forskjellar i kor mykje skulane bidrar til at elevane fullfører vidaregåande. Han meiner det er viktig at skulane gjer meir for at fleire fullfører.
– Eg har ei klar forventning om at fylka særleg bidrar til å løfte dei skulane som heng etter, seier han.
Undersøkinga tar omsyn til elevgrunnlaget og viser til dømes korleis skulen løftar elevar med eit dårleg utgangspunkt. Undersøkinga gir dermed eit meir nyansert bilde av resultata frå skulane, men tala gir ikkje svar på kvifor forskjellane oppstår.
Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal sjå på kva som skil skulane, og korleis skular og skuleeigarar kan bidra meir til læringa til elevane. Gruppa skal levere den første delrapporten sin i 2020.
– Regjeringa har som mål at ni av ti elevar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring innan 2030. Skal vi nå målet, må vi lære av dei som lykkast i dag, og finne og dele dei gode tiltaka som verkar, seier Sanner.
Fakta om resultata for alle fylke i skulebidragsundersøkingaI kva grad skulene bidrar til at elevane fullfører i dei studieførebuande utdanningsprogramma, fordelt fylkesvis i høve til landsgjennomsnittet:
* Akershus +0,8
* Aust-Agder -0,7
* Buskerud +0,7
* Finnmark -1,2
* Hedmark +4,9
* Hordaland -1,3
* Møre og Romsdal + 3,6
* Nordland +0,9
* Oppland +2
* Oslo -1,8
* Rogaland -0,8
* Sogn og Fjordane +, 04
* Telemark +0,8
* Troms -0,7
* Trøndelag -0,5
* Vest-Agder +0,2
* Vestfold -1,2
* Østfold -0,6
I kva grad skulane bidrar til at elevane fullfører i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, fordelt fylkesvis i høve til landsgjennomsnittet:
* Akershus -0,4
* Aust-Agder +1,2
* Buskerud 0
* Finnmark -1,5
* Hedmark +3,9
* Hordaland -1,7
* Møre og Romsdal +2,6
* Nordland +1
* Oppland +0,6
* Oslo -5,7
* Rogaland +2,3
* Sogn og Fjordane +0,2
* Telemark -1,2
* Troms +0,3
* Trøndelag -0,7
* Vest-Agder -1,5
* Vestfold -2,8
* Østfold -1
Eg har ei klar forventning om at fylka særleg bidrar til å løfte dei skulane som heng etter

Publisert: 12.12.2019 12:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47