Næringsministeren vil undersøke Tyrkia-støtte
Ap-politikar reagerer skarpt på at statleg etat vil betre garantiar til reiarar for å bygge i utlandet.
Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap) er både overraska og kritisk til forslaget frå Eksfin om å vurderer å auke garantiar til bygging av skip i Tyrkia.
– Dette framstår som heilt feil bruk av offentlige midlar, seier han til NETT NO.
Kjølmoen fortel at han vart kjent med forslaget via Sunnmørsposten.
Har snakka med næringsministeren
Per Vidar Kjølmoen som også er partiet sin næringspolitiske talsperson, tok tysdag kontakt med næringsministeren for å vurdere kva han skulle gjere vidare.
– Eg har vore i kontakt med Jan Christian Vestre som har lova at departementet skal kikke på saka. Dette høyrest veldig rart ut, at vi skal sikra verdiskaping i Norge ved å støtte meir bygging i utlandet, seier Kjølmoen.
– Heilt feil
Kjølmoen påpeiker at han kun kjenner saka via media og legg til at dette
kom som ei overrasking både i Arbeiderpartiet – og så vidt han forstod –
i departementet.
– Vi vil vi først få oversikt over kva som er i ferd med å skje. Men eitt av konkurransefortrinna til den maritime industrien har vore den stabiliteten bygging i Norge kan gi. Då blir det heilt feil å gi verft i utlandet moglegheita til å forsikre vekk den risikoen. Då svekkar vi norske verft mot konkurrentar i utlandet, meiner Kjølmoen.
Lovar verftstiltak i budsjettet
Norske verft har i lengre tid bedt om betre garantiordningar for å løfte
nybyggingsprosjekt. So langt har dette ikkje kome på bordet.
Men Kjølmoen kan love at det kjem tiltak retta mot verfta i statsbudsjettet til hausten.
– Vi diskuterer nivå og innretning på dette no. Det er lite handlingsrom og eit svært stramt budsjett, men vi skal få til noko for verfta, forsikrar Ap-politikaren.
Dei omdiskuterte garantiane Eksfin vurdere å stille for reiarar som vil bygge i Tyrkia, er ikkje ulik den verftsindustrien her heime har ønska.
Det høyrer med til historia at det har vore mykje frustrasjon i den maritime bransjen over at staten har gått til utanlandske verft for å bygge fartøy dei siste åra. På toppen kjem brei misnøye med manglande krisestøtte til verftsbransjen sidan pandemien slo til.
I ein e-post til Sunnmørsposten viser avdelingsdirektør i Eksfin Olav Rygg i Eksfin til at Tyrkia er ein betydeleg eksportmarknad med behov for eit finansieringstilbod til maritime utstyrs- og tenesteleverandørar.
Samtidig viser han til at økonomien i landet ustabil, noko som medfører auka finansiell risiko for reiarar som vil bygge nye skip her.
Publisert: 16.08.2022 14:26
Sist oppdatert: 16.08.2022 14:36