Per Vidar Kjølmoen Gunvor Ulstein Cathrine Kristiseter Marti foto Marius 11
INDUSTRILØFT: Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein og konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti fann ikkje mykje som var retta mot nybyggingsverfta, då Per Vidar Kjølmoen (Ap) la fram regjeringa sitt industriløft. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Merkeleg svelteforing av verfta

Anten har ikkje regjeringa oppfatta verfta si rolle, eller så meiner den at bransjen ikkje er verdt å satse meir pengar på. Begge delar er vanskeleg å forstå.

Marius Rosbach
03.07.2022

ANALYSE:

Det er grunn til å rose mykje av industri- og eksportsatsinga til Støre-regjeringa. Med energiske Jan Christian Vestre i spissen som næringsminister, er det skapt optimisme og forventingar i ein rekke bransjar om meir draghjelp frå styresmaktene i kampen om å selje meir av norske varer til utlandet.

Også på Nordvestlandet har det vore glede over at maritim industri er ein av sju hovudsatsingar. Då Per Vidar Kjølmoen (Ap) la fram industriløftet i Ulsteinvik var det likevel ikkje den store «schwungen» over punkta han trekte fram som sentrale for bransjen:

  • Ein nasjonal plan for fornybar drivstoff i skipsfart
  • Utgreie handlingsrommet i EØS-avtale
  • Klimapartnarskap med private
  • Internasjonalt samarbeid om grøne korridorar
  • Omstillingspakke for klimavennleg omstilling av skipsfarten

Det er også fleire tiltak i industrisatsinga som vil ha betydning for bedrifter her i regionen, som havvindutbygging og satsing på hydrogen og andre alternative energikjelder til sjøs.

Men verftsbransjen stod igjen att utan målretta tiltak for å auke aktiviteten på kort sikt.

– Eg synest det er mykje opp igjen det same som er sagt før, men no er det pakka inn i eit fint dokument, var Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein sin lunkne tilbakemelding.

Det er fleire grunnar til å meine at det er merkelig at ei meir målretta satsing mot nybyggingsverfta er utelatt i dei konkrete tiltaka.

Ringverknadene frå desse lokomotiva, har vore noko av det første politikarar er blitt fortald når dei har vore på besøk til eitt av verfta på Nordvestlandet dei siste åra. Kvar arbeidsplass på eit verft gir arbeid til 5,4 årsverk i leverandørkjeda og andre bedrifter, ifølgje ein rapport frå Møreforsking. Rett nok er rapporten meir enn ti år gamal, men det er liten grunn til å tru at klyngemekanismane i industrien har endra seg radikalt frå den gong.

Seinast i Heidi Nakken sin rapport til næringsdepartementet i samband med eksportstrategien, blir verfta sin posisjon trekt fram som «nav» i industrien. Her blir ny teknologi testa og små- og mellomstore løfta fram til eksportmarknaden.

– Hos verfta møtast heile verdikjeda, påpeiker Nakken rapporten «Mer og Grønnere Maritim Eksport».

Verfta sin betydning bør med andre ord vere godt kjent i næringsdepartementet.

Samtidig er situasjonen for dei største verfta betydeleg svekka dei siste åra. Likviditeten hos fleire av dei tidlegare industrilokomotiva var allereie på botn etter ei krevjande omstilling til nye marknader i kjølvatnet av oljeprisfallet. Så kom pandemibremsen og Ukraina-krigen med auka råvarepriser.

«Eit nytt verftslandskap» var overskrifta i NETT NO-magasinet i fjor haust. For berre få år sidan leverte både Vard, Kleven, Ulstein og Havyard fleire skip årleg. I år er det berre Vard att av desse fire som kjem til å leverer eit nybygg.

Regjeringa er klar over situasjonen og skriv i sitt eige industriløft:

«Særlig de store nybyggingsverftene har over tid opplevd en utfordrende markedssituasjon. Riktig infrastruktur, kompetanse og utstyr på de norske verftene er viktig for å kunne posisjonere seg for bygging av lav- og nullutslippsfartøy».

Elles i det 102 sider lange dokumentet er ordet «verft» nemnt i to andre samanhenger. Den eine handlar om at eit verft på Stord skal få levert biogass.

Det andre om at regjeringa vil utgreie handlingsromet i EØS-avtalen for å plassere bygging av skip hos norske verft. Det er ein diskusjon som har gått i fleire år, og bransjen har vore kritiske til at styresmaktene ikkje sett krav til eksempel kring miljø, eller arbeidsforhold når det byggast statlege skip.

Eit unntak frå EU-reglane som forbyr støtte til spesielle bransjar, eller eit anbod det norske styresmakter som faktisk testar ut regelverket, kan vere mulegheiter her – men først skal det altså utgreiast.

Det har ikkje mangla på andre tiltak ein kunne forsøkt for å gi verfta meir å gjere. Heilt frå pandemien slo til for meir enn to år sidan har den maritime bransjen lansert ein rekke forslag.

Framskunding av fartøy til sjøforsvaret, og større fond for resirkulering av skip, eller ombygging til meir miljøvennlege skip, er berre nokre av forslaga som så langt har blitt liggande i skuffen.

Auka garantiar frå Eksfin (Eksportfinansiering Norge) er eit anna ønske som verfta har lagt på bordet. Så langt er også dette på «utgreiingstadiet», men fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran har sagt seg villig til å møte verfta over sommaren for å høyre på behova deira.

– Medan graset gror, så døyr kua, var Gunvor Ulstein si åtvaring om situasjonen for nybyggingsverfta til stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen etter at regjeringa sitt industriløft var lansert.

Det er liten grunn til å tvile på at Arbeiderpartiet sin næringspolitiske talsperson delar Gunvor Ulstein si uro for dei store nybyggingsverfta. Men så langt verkar det ikkje gjere spesielt inntrykk i regjeringskorridorane.

Publisert: 03.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 03.07.2022 03:48

Mer om