Nedtur for Sitwell
TØFT: Då 2017-tala var klare i fjor spådde dagleg leiar Geir Hoff i Sitwell at også 2018 ville bli eit tøft år. Det fekk han rett i.
Nytt

Nedtur for Sitwell

Inntektene fall for andre år på rad.

25.07.2019
Møbelprodusenten Sitwell i Stordal hadde 24 millionar kroner i driftsinntekter i 2016. Dei to åra etter har salet utvikla seg feil veg for selskapet. I fjor blei det 16,7 millionar kroner, og eit lite underskot (sjå tabell).
Dagleg leiar og medeigar Geir Hoff forklarte nedturen i 2017 med manglande gjennomslag hos kjedene og spådde eit tøft år også i 2018.
- Kjedene bestemmer veldig mykje kva som skal seljast, og vi er avhengig av å få nok marknadsføring for å få nok sal, sa Hoff.

Sitwell sel møblane sine gjennom Møbelringen og Fagmøbelkjeda og frittståande forhandlarar. Selskapet sysselsette 15 årsverk i 2018, det same som i 2017.

Publisert: 25.07.2019 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37