ANALYSE
I 2020/2021 var det om å gjere å sette ein grøn klistrelapp på alt som trengte pengar, så kom kontantane fykande og aksjekursane steig til vers.
Denne veka varsla først Hav Group at konsernet si satsing på hydrogenmarknaden for skip er lagt på is. Marknaden som skulle kome er ikkje der, i alle fall ikkje enno.
– Marknaden for hydrogen som skipsdrivstoff lar dessverre vente på seg. Vi har utvikla marknadsleiande teknologi og kompetanse, som vi vil ta fram når marknaden er modent for det. Inntil då er det fornuftig å ta ned kostnadsnivået på denne satsinga, sa Hav Group-sjef Gunnar Larsen i børsmeldinga då kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025 vart lagt fram.
Deretter kom meldinga om at Brødrene Aa går til skifteretten. Den direkte årsaka kan seiast å vere feilvurderingar og for stor risikovilje då ein kontrakt på heile 420 millionar kroner vart signert i 2023. Men kontrakten gjaldt bygging av tre store batteridrivne hurtigbåtar som skulle gjere det råd å gå strekninga Trondheim-Kristiansund utan CO2-utslepp.
Hadde det vore snakk om tre vanlege dieseldrivne fartøy, som Brødrene Aa har bygd mange av, ville det truleg aldri blitt ein konkurs. No hamna konsekvensen av den miljøvennlege satsinga først og fremst på dei 170 tilsette, som berre kan håpe at det blir ny drift i Hyen. Full batteridrift blir det heller ikkje på strekninga, så her har pengar og arbeidsplassar gått tapt til inga nytte for miljøet.
På børsen er no hydrogenselskapet Hexagon Purus verdsett til 654 millionar kroner. Selskapet lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Selskapet vart børsnotert i desember 2020 og aksjekursen vart tidleg i januar 2021 oppe i 82,10 kroner aksjen. Då børsen stengte fredag ettermiddag 30. mai var kursen nede i 1,50 kroner aksjen. Det er snakk om eit verdifall på over 98 prosent sidan toppen.
Nedturen til Hexagon Purus har blitt forsterka etter at Donald Trump tok over som president i USA i januar. Han la om kursen i høve til forgjengaren Joe Biden sin klimapolitikk, og Hexagon Purus har forklart nedbemanningar og kostnadskutt i år med konsekvensen av den omlegginga.
Endringa i det grøne skiftet kjem ikkje berre i USA. Også i Europa har klimapolitikken møtt motbør.
EU gjekk tidlegare i år attende på sine strenge rapporteringskrav til bedriftene om mellom anna kva CO2-utslepp verksemda deira fører til. Og i Noreg har regjeringa opna for at ikkje alle CO2-utsleppskutt regjeringa har mål om, treng å skje i Noreg. Vi kan heller kjøpe utsleppskvotar som i alle fall i teorien skal bidra til CO2-utslepp i andre land.
Regjeringa let også i praksis langt på veg vere å auke CO2-avgifta for fiskeflåten i fjor og på landsmøtet tidlegare i år vedtok Høgre å fjerne heile avgifta. Mot stemma til Erna Solberg rett nok, som var statsminister då opptrappinga av CO2-avgifta vart innført. No har ho tvert i mot forplikta seg til å få den bort.
Alt dette betyr ikkje at den såkalla klimapolitikken har punktert. Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), skal etter planen vedta nye mål og reglar for utslepp for langdistanse skipsfart i oktober i år. EU har justert, men ikkje skrinlagt mål om store CO2-utsleppskutt.
Men mykje av lufta har gått ut av ballongen, og det er ikkje sikkert det stoppar her.
Årsakene er truleg fleire; urealistiske forventningar til kor fort tekniske utfordringar knytt til å redusere bruk av fossile energikjelder kan løysast, ignorering av og/eller manglande vurderingar av kostnadane og ikkje minst Russland sin krig mot Ukraina, som blei trappa opp til ein fullskala krig i februar 2022.
Krigen i Ukraina og frykta for at NATO-medlemskapen gir ikkje lenger den tryggleiken Europa har basert seg på. Det endrar både vurderingar og prioriteringar.
Berre i mai har det vore fem større konferansar på Nordvestlandet der forsvar, beredskap og internasjonal uro har vore tema. Det er desse temaa som står øverst på dagsordenen no.
Publisert: 01.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 31.05.2025 19:51






