Ronny jørgensen politiadvokat foto politiet
UVANLEG ØNSKE: Politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt har aldri vore borti at forsvararen til ein klient vil vere anonym. Mannen som blei arrestert på Sunnmøre er lauslaten, men framleis sikta. Foto: Politiet
Nytt

Nektar å oppgi kven som er forsvarar

Advokaten til den sikta mannen som vart arrestert på Sunnmøre i den store fiskeriaksjonen, vil vere anonym.

Marius Rosbach
23.03.2023

Politiet i Troms vil ikkje opplyse kven som forsvarar den sikta mannen, som vart arrestert på Sunnmøre i aksjonen mot fleire aktørar i fiskeribransjen.

Det opplyser politiadvokat Ronny Jørgensen til NETT NO.

- Forsvararen har insistert på at vi ikkje skal oppgi hans identitet, så det kjem vil til å etterkome, skriv Jørgensen i ei tekstmelding.

SISTE: Andresen forsvarar sikta etter fiskeriaksjon

Politiadvokaten opplyser at han ikkje har vært bort i eit liknande ønskje frå ein forsvarar. NETT NO kjenner til at politidistriktet var usikre på korleis til dei skulle handtere eit slikt ønske.

Mannen vart arrestert tysdag morgon, men lauslaten onsdag etter at politiet hadde vurdert at det ikkje var behov for å varetektsfengsle vedkomande.

Fengsla for to veker
Ein av dei andre to personane, vart torsdag varetektsfengsla i to veker med brev-, besøks- og medieforbod. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

– Han stiller seg uforståande til siktinga. Han meiner han ikkje er skuldig, seier forsvararen til mannen, advokat Thomas Hansen, til iTromsø.

Innleiande fase
I rettsavgjerda står det at etterforskinga er i ein heilt innleiande fase og at det er gjort store beslag som må gåast gjennom. Retten meiner at særleg faren for påverknad av andre involverte eller vitnar, er stor.

Dommaren skriv mellom anna at vedkomande som er varetektsfengsla, verkar å ha hatt ei sentral rolle i ein omfattande verksemd som har involvert mange personar.

Politiet skal seinare torsdag ta stilling til spørsmålet om varetektsfengsling for den tredje personen som vart arrestert.

Mistenker storstilt juks
Politiet mistenker at det er begått juks i stor stil og at det er oppgitt uriktig mengde råstoff over tid. Det er også teke ut siktingar mot i alt fire selskap - tre rereiarlag og eitt selskap på landsida.

Tirsdag stadfesta Christin Pedersen i Ålesund-selskapet Fjordlaks at dotterselskapet deira Karlsøybruket i Troms, var mellom plassane som blei oppsøkt i samband med storaksjonen.

Det vart også gjort beslag i Ålesund ettersom rekneskapa til Karlsøybruket blir ført her.

Publisert: 23.03.2023 15:53

Sist oppdatert: 23.03.2023 19:41

Mer om