rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Andresen forsvarer sikta etter fiskeriaksjon

Ålesund-advokat stadfestar likevel oppdrag for mannen som vart arrestert på Sunnmøre.

Marius Rosbach
23.03.2023

Advokat Reidar Andresen frå Ålesund er forsvarar for den eine sikta etter ein storaksjon mot fleire fiskeriaktørar.

- Eg kan stadfeste at eg er advokat for den sikta frå Møre og Romsdal. På det noverande tidspunkt har eg ingen kommentar til sjølve saka, seier Andresen til NETT NO.

Tidlegare torsdag opplyste politiet i Troms at dei hadde blitt sterkt oppmoda om å ikkje opplyse kven advokaten til mannen var.

Andresen vil ikkje kommentere kvifor han ikkje ønska å bli identifisert tidlegare på dagen. Han vil heller ikkje kommentere korleis mannen stiller seg til siktinga, eller om han erkjenner straffskuld.

Mannen vart arrestert på Sunnmøre tysdag og lauslaten onsdag, men er framleis sikta i saka.

Fengsla for to veker
Ein av dei andre to personane, vart torsdag varetektsfengsla i to veker med brev-, besøks- og medieforbod. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

– Han stiller seg uforståande til siktinga. Han meiner han ikkje er skuldig, seier forsvararen til mannen, advokat Thomas Hansen, til iTromsø.

Ein tredje sikta som vart arrestert, er også lauslate torsdag.

Innleiande fase
I rettspapira frå fengslingsmøtet står det at etterforskinga er i ein innleiande fase og at det er gjort store beslag som må gåast gjennom. Retten meiner at særleg faren for påverknad av andre involverte eller vitnar, er stor.

Dommaren skriv mellom anna at vedkomande som er varetektsfengsla, verkar å ha hatt ei sentral rolle i ein omfattande verksemd som har involvert mange personar.

Mistenker storstilt juks
Politiet mistenker at det er begått juks i stor stil og at det er oppgitt uriktig mengde råstoff over tid. Det er også teke ut siktingar mot i alt fire selskap - tre rereiarlag og eitt selskap på landsida.

Tirsdag stadfesta Christin Pedersen i Ålesund-selskapet Fjordlaks at dotterselskapet deira Karlsøybruket i Troms, var mellom plassane som blei oppsøkt i samband med storaksjonen.

Det vart også gjort beslag i Ålesund ettersom rekneskapa til Karlsøybruket blir ført her.

Publisert: 23.03.2023 19:29

Sist oppdatert: 23.03.2023 19:37

Mer om