Nervoesitet i Fora Form
KOSTNADSAUKE: Fora Form i Ørsta har fått svensk eigar. Salet auka, summen av eingongs- og varige kostnadar reduserte overskotet.
Nytt

Nervøsitet i Fora Form

Etter fleire år med stigande lønsemd snudde det for Fora Form i fjor.

15.09.2020
Eingongskostnader og kostnadar med å bli ein del av eit større konsern pregar resultatet for Fora Form i Ørsta i 2014.
Frå 2010 har lønsemda stige kvart år, og utgjorde i 2013 over ti prosent av driftsinntektene.

Men i 2014 butta det i mot.

Eingongskostnadar

- At vi hadde ein vekst på 17 prosent på topplina (driftsinntektene, red. merk) er kjempebra, seier administrerande direktør Trygve Aasland.
Overskotet er han ikke like nøgd med, men peikar på at 2014-tala ikkje kan samanliknast direkte med 2013-tala.
Det skuldast mellom anna at selskapet Abstracta Interiør var slått saman med Fora Form i samband med at Fora Form var kjøpt av det svenske møbelkonsernet Lammhults Design Group. Samanslåinga gjorde at Fora Form fekk auka kostnadar.

Svenske eigarar

Hausten 2013 selde eigarane av Fora Form - investeringssselskapet Credo Invest (51 prosent), Rune Stokke (storaksjonær i Stokke-konsernet), Kjell Storeide, administrerande direktør Trygve Aasland og ei gruppe tilsette - verksemda til det børsnoterte svenske møbelselskapet Lammhults Design Group.
I tillegg til konsekvensen av samanslåinga med Abstracta Interiør gjorde det at Lammhults tok over at Fora Form også fekk andre eingongs- og varige ekstra kostnadar, selskapet ikkje hadde i 2013-reknskapen, i følgje Aasland.

Kultur-framgang

Sal til kulturmarknaden (t.d. kino og konsertsalar) har hatt ein sterk vekst i 2014, og utgjer no 25-30 prosent av det samla salet frå Fora Form.
Aasland seier Fora Form tek marknadsandelar, medan kontraktsmøbelmarknaden generelt sett er i tilbakegang.
Til offshoremarknaden, som Fora Form byrja å satse på for nokre år sidan, gjorde fallande oljepris at salet av møblar gjekk ned ifjor.

Større uvisse

Sjølv om starten på 2015 er brukbar er Aasland ikkje viljug til å spå om utviklinga resten av året. Til det er det for mykje uvisse, meiner han.
- Vi føler at verda er blitt en meir usikker stad. Vi er ikkje pessimistar, men vi trur det er ein tøffare marknad, seier han.
Vi føler at verda er blitt en meir usikker stad

Publisert: 15.09.2020 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41