Nest lavaste spotprisar paa 16 aar
KRAFT: Kraftanalytikar Tor W. Havåg ser for seg lave kraftprisar framover, men spår etter kvart ei justering oppover.
Nytt

Nest lavaste spotprisar på 16 år

Med unntak av 2015, har ikkje kraftselskapa sett lavare kraftprisar framover i spoten sidan før 2004.

14.02.2020
Spotprisen i Vest-Norge var sist veke på 16,3 øre kWh, mot 19,6 øre kWh i veka før.
Vått og mildt vêr pressar prisane nedover, men i vekesrapporten frå Tussa Energi går det også fram at stadig større tilsig av vindkraft også er med på å presse prisane nedover.

2015 var unntaket

Men når kraftselskapa ser framover mot 2021, har ein ikkje sett lavare eurpoeiske spotprisar sidan før 2004. Unntaket var 2015, som var eit svært vått år, og i tillegg lave brensleprisar.
I vekesrapporten frå kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi peikar han på at etter 2015 er det installert mykje vindkraft, samstundes som gassprisen også er under 2015-nivå.
Dette skulle tilseie at ein i 2021 fekk lågare europeiske spotprisar enn i 2015, men slik er det likevel ikkje.
- Hovedgrunnen til at prisforventninga for 2021 likevel ikkje er like låg som leveringsprisen for 2015, ligg i klimapolitikken og i marknaden for klimakvotar.
- Klimakvotene vert no omsett til 23 euro, medan prisen i 2015 berre var nokre få euro. Omrekna til produksjonskostnader for gasskraft utgjer dette ein skilnad på omlag 8 euro. Dermed er vi under prisnivået for 2015 om vi kompenserer for kvotekostnaden, fastslår Havåg.

Framleis vått

Tussa Energi operer no med ein fastpris ut andre kvartal på 15,83 øre/kWh, og ein spotpris ut året på 20,41 øre kWh.
For 2021 er fastprisen derimot på 32,35 øre kWh.
Havåg ser ikkje for seg store endringar på kort sikt.
- Ser vi på firevekers- og sesongvarsla ser det ut til at vêrtrenden vil halde fram. Men erfaring tilseier at så snart vi får ei normalisering av vêret, vil marknadene korrigere seg noko opp.

Publisert: 14.02.2020 14:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53